Fryktar Høgre vil kutte i AAP etter tre år
Caroline (33): – Dette er både sårt og umenneskeleg
Trass åtte års høgare utdanning og hundrevis av søknadar får ho ikkje fast jobb. Ap-minister åtvarar no mot at ei borgarleg regjering vil innføre "skammens kapittel" på nytt og tvinge Caroline Strømlid til å bli ufør.

Caroline Strømlid har to bachelorgrader og ei mastergrad. Ho er aktiv på LinkedIn og har sendt over hundre søknadar dei siste åra:
– Dette
er veldig sårt. Eg har stått på og jobba så hardt. Det er den løgna vi blir
fortalt: Jobbar du hardt nok, går det bra og det ordnar seg. Men det gjer jo
ikkje det. Det er denne håplausheita eg kjenner på, seier Strømlid, som er arbeids-
og velferdsvitar og åtferdsanalytikar med master i psykologi.
Har full arbeidsevne
33-åringen frå Oslo har dei siste åra gått frå vikariat til vikariat eller tiltak. Strømlid stod nyleg fram i Det store folkemøtet på NRK (ein time ut i sendinga) og delte erfaringane sine frå arbeidslivet. Og korleis det er å ha ei mild funksjonsnedsetting:
– Det er forskjell på nedsett funksjonsevne og nedsett arbeidsevne. Mange blandar dei to. Eg har hundre prosent arbeidsevne, men nedsett funksjonsevne . Noko som gjer at eg treng tilrettelegging for at eg skal kunne ha den hundre prosent arbeidsevna, seier ho til Fagbladet.

– Eg blir sila ut
Strømlid har blant anna jobba som spesialpedagog, karriererettleiar innan NAV, rekrutterer i KLP og har no vikariat som organisasjons- og åtferdsanalytikar i Telenor. Strømlid har vald å vere open når ho sender søknadar. Då ho var lita blei det oppdaga at ho har celebral parese. Dette tenkjer ho spelar ei stor rolle for alle avslaga:
– Mi erfaring er at rekrutteringsprosessen ikkje er inkluderande nok. Ein blir sila ut før ein har fått sjansen i heile tatt. Tenk deg kva eg og andre i min situasjon kan tilføre ein arbeidsplass. Eg har utdanning, men også livserfaring. Tenk på kva dette ville ha gjort med bedrifta sin moglegheit til å rekruttere fleire som har mykje å bidra med, men som aldri får prøvd seg, seier Strømlid.
Arbeidsminister Brenna: – Vil tvinge ho til å bli ufør
Når 1. oktober kjem har Strømlid gått tre år på arbeidsavklaringspengar (AAP) der ho får 66 prosent av løna. Slik systemet er i dag kan ho søke om å forlenge AAP-perioda. Høgre har i sitt alternative statsbudsjett føreslått å innføre eit såkalla karensår. Det vil seie at ho må vente i eit år på å kunne søke om ei ny aap-periode:
– Då skjer to ting samtidig. Det eine er at viss du får for kort tid til å bli klarlagd, så blir du klarlagd til uføretrygd, når du kanskje kunne kome i arbeid viss du hadde nok tid. Det andre du får om du skal på uføretrygd er eit vente-år utan inntekt. Det vil seie at du må leve på sosialstønad i eit år, seier Ap-nestleiar og Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
– Skammeleg historie
Tuva Moflag (Ap) er leiar for Stortinget sin finanskomite. Saman med arbeidsminister Brenna åtvarar ho mot at ei borgarleg regjering kan innføre karensår. Fordi både Venstre og Høgre er for. Og fordi Høgre/Frp-regjeringa innførte AAP-karensår i 2018. Karensåret blei fjerna av då Støre-regjeringa kom til makta:
– Karensåret er skamma sitt kapittel i norsk politikk. Eg fryktar det kapittelet blir gjenopna om me får ei borgarleg regjering.
– Korfor er det skamma sitt kapittel?
– Det er fordi dei menneskelege konsekvensane er så dramatiske og dei menneskelege historiene vi har høyrd er såre. Dette må berre ikkje skje igjen. Ap er garantistane for at det ikkje skjer, seier Moflag som er finanspolitisk talsperson for Ap. Både ho og Brenna meiner karensår vil spesielt ramme Strømlid og andre som ho: Dei som iherdig vil jobbe, men som får avslag.

– Ikkje sikkert karensår er riktig
Henrik Asheim er nestleiar i Høgre og svarar på kva dei ønsker når det kjem til karensår og å minka utanforskapet.
– Vil Høgre om de kjem i regjering innføre karensår?
– Det er eit problem at for mange blir ståande år etter år på AAP utan god nok oppfølging. Og utan reell avklaring. Dette må vi gjere noko med. Det er ikkje sikkert karensår er det riktige å gjere. Difor står det heller ikkje i programmet til Høgre. Det er utruleg viktig at vi både endrar systemet og stiller krav til Nav og den enkelte for å få fleire i jobb, svarar Asheim i ein e-post.
Høgre: – Vil ha reform av heile systemet
Asheim peikar på at over 12.000 har fått AAP i meir enn seks år. Og at talet har blitt dobla dei to siste åra.
– Kva vil Høgre gjere med utanforskap og få fleire i AAP inn i arbeidslivet igjen?
– I dag står 700.000 menneske utanfor arbeidslivet, og det går ikkje lenger. Difor er det behov for ei reform av dagens ytingssystem, mellom anna ved å gjennomgå alle inntektssikringsordningar slik at det løner seg å arbeide for dei som kombinerer sosiale ytingar med arbeidsinntekt, og at det blir enklare å gå frå ytingar til arbeid og løn, svarar Høgre-nestleiaren.
Kritisk til regjeringa
Stortingsrepresentant Asheim meiner på si side at Ap-regjeringa har gjort ein for dårleg jobb:
– Støre-regjeringa har aktivt stengt dører inn til arbeidslivet for folk som har falle utanfor. Dei har vraka arbeidsretta uføretrygd, fjerna regelen som sikra folk med funksjonsnedsetjingar og hol i CV-en jobb i staten, underfinansiert tilrettelagde arbeidsplassar og gjort unødvendige innstrammingar på innleige, deltid og mellombelse tilsetjingar. Alt dette vil Høgre gjere om på.
– Umenneskeleg
Strømlid seier dei som meiner tre år er nok for å bli klarlagd innan AAP ikkje forstår:
– Karensår synest eg er umenneskeleg, rett og slett. Fordi personleg så brukte eg heile sjukmeldingsåret mitt på å få på plass dei ressursane eg har i dag som gjer at eg kan sitte her og bli intervjua. Søke jobbar, vere aktiv. Eg har ein god fysioterapeut som eg går til ein gong i veka. Eg blir fulgt opp av nevrohabiliteringa på Ullevål sjukehus. Eg går til ortoped, blant anna. 33-åringen fortel at ho ikkje har gjeve opp håpet om å lande ein fast jobb:
– Eg
er motivert til trass for mykje motgang. Og eg ønskar å bidra med min unike
kombinasjon av kompetanse og erfaring.