Fagforbundet sitt landsmøte 2025

Strammar inn: Valkomiteen kan ikkje lenger peike på seg sjølv

Valkomité-medlemmar som vil vera kandidat til toppverv i Fagforbundet, må i framtida gå ut av valkomiteen. Det vedtok eit einstemmig landsmøte.

GLAD: Arnt Silseth er opplæringsansvarleg i Fagforbundet Møre og Romsdal og var medlem av valkomitéen til Fagforbundet sitt landsmøte i 2025. I tillegg var han delegat på landsmøtet og stemte fram forslaget: – Vi vil at det ikkje skal vere noko tvil og dette handlar om å vere prinsipiell og ryddig.
Publisert

Ved førre landsmøte  blei 16 av valkommiteen sine medlemmar sjølv valde til verv, noko som skapte ein prinsipiell debatt

Fredag vedtok Fagforbundet sitt landsmøte at medlemmar i valkomiteen ikkje lenger kan stille til val:

– Dette vedtaket gjer at det blir ikkje stilt spørsmålstegn ved habiliteten i valkomiteen. Det synest eg er veldig viktig. At alle medlemane ser at her er det gjort på ein god måte, slik at alle omsyn er tekne til habilitet, seier Arnt Silseth som sjølv sat i valkomiteen og var landsmøtedelegat.

– Sikrar dei beste kandidatane

Forslaget til forandring blei sendt inn, i litt ulike variantar, frå Fagforbundet Møre og Romsdal, Trondheim, Kristiansand, Nittedal, Follo og Frisørenes Fagforening. 

– Det er ei god ordning at personar som har ambisjonar og ønsker å stille til høge posisjonar i Fagforbundet, anten i arbeidsutvalet eller i forbundsstyret, ikkje bør vere med i valkomiteen. Det er veldig ryddig, så det ikkje kan bli mistanke eller nokon skal tru at det kan vere noko bindingar. Slik at vi plukkar ut dei beste folka til å ha høge verv, uansett kven dei kjenner eller kva posisjonar dei har i dag, seier Silseth.

Etter det Fagbladet forstår, vil ein valkomité-medlem som får eit plutseleg anfall av ambisjonar, fortsatt kunne tre ut av komiteen for å bli valbar.

Grasrot-debatt

Debatten starta blant anna då dåverande grasrotskrivbent Oscar Aaslund Hovin skreiv  kommentaren om at "Noko bør gjerast for å sikre ein meir demokratisk prosses i den største fagforeininga i landet" i Fagbladet. 

Powered by Labrador CMS