Med nase for sløyfe og blod

Dei strihåra firbeinte venene til Snorre Moe har skaffa han alt frå indrefilet av rådyr til internasjonale pokalar.

TEKST: ØYSTEIN WINDSTAD

FOTO: WERNER JUVIK

– Ja, kom her då, seier Snorre Moe med ein mild og lysare stemme.

Han strekkjer ut ei hand og blir møtt av snusande nasar og haler som står rett i vêret og går raskt frå side til side. Dei tre strihåra dachsane Baluba, Bagheera og Fellini spring rundt i vårsola. Inne i huset ligg åtte knøttsmå kvalpar med mysande auge på ei lun dyne. Hundane når Moe til litt opp på leggen. Størrelsen er noko som ikkje heftar for dachshundane når jaktinstinkta sparkar inn. Moe brukar hundane sine til å finne og drive ut vilt som kan vere over ti gonger større enn hundane:

– Jakta er hovudsakleg rådyrjakt, men også litt hare og hjort. Det er noko heilt spesielt når hunden finn sporet og du høyrer losen gå. Då kjenner du verkeleg samarbeidet mellom jeger og hund, seier matfar Moe.

Dei godlynte kjælne familievennlege hundane er kjente for eit sterkt jaktinstinkt. Når Moe ikkje sjølv er på jakt, hjelper han og hundane andre som har vore på jakt. Og som har vore uheldige og fått eit skadeskote dyr som må finnast. Inne i dei lett glinsande nasene til hundane finst det millionar av fleire luktereseptorar enn hos menneske.

Om dei strihåra dachsane til Moe får ferten av eit blodspor, er det berre eit spørsmål om tid før dei finn dyret.

– Når eg har dei frå dei er små, og du har eigne hundar, då kan du begynne å trene blodspor frå dei er fem–seks veker gamle. Eg bruker som regel korte blodspor i starten, og etter kvart blir dei flinkare. Det er kjekt å sjå korleis dei utviklar seg og kor fort dei lærer.

Når hundane ikkje er på jakt, er dei på dyreverda sitt svar på modelloppdrag. Dei reiser rundt med Moe og kona Wenche på hundeutstilling.

– Utstilling er kanskje mykje jåleri for nokon, men eg synest det er koseleg. Vi har eit veldig godt miljø, og eg har blitt kjent med mange hyggelege folk, både i Noreg og Skandinavia, seier Moe.

Den eine hunden, Bagheera av Bjerkebo, har gjort det stort både i Noreg og utlandet. Bagheera har drege inn titlar som Internasjonal Champion, Norsk blodspor-champion, norsk jaktdrev-champion og norsk vinnar i 2024.

Utstilling er kanskje mykje jåleri for nokon, men eg synest det er koseleg.

Powered by Labrador CMS