Høgresida får meir i valkampstøtte
– Hyklersk av Frp-Johnsen
Frp-politikaren vender tommelen ned til Fagforbundet og er kritisk til valkampstøtte: – Hyklersk og hysterisk når høgresida for over 20 millionar meir frå rike milliardær-onklar, seier Ap-politikar Hashim Abdi.

Nyleg la Frp-stortingsrepresentant Tor André Johnsen ut eit bilde på Facebook. Der blei det vist tommelen ned for Fagforbundet. Han la seinare ut ein tekst der han er kritisk til at Fagforbundet og LO gjev pengestøtte til partia på venstresida, når NHO har slutta å gje til høgre-sida.
Dette meiner Ap-politikar Hashim Abdi er latterleg og at Frp og Johnsen har ein arbeidar-fiendtleg politikk.

– Frekt
Abdi er 3. kandidat for Ap i Østfold og kan bli den yngste stortingspolitikaren i historia i haust. 20-åringen meiner bildet til Johnsen er frekt:
– Han har frekkleikens nådegåve. No driv Noregs aller rikaste og massemobiliserer slik at dei får masse skattelette om Frp vinn. Fagforbundet gjev støtte på ope og demokratisk vis på vegner av over 400.000 medlemmar og arbeidsfolk. Fagforbundet representerer reinhaldaren, renovatøren og helsefagarbeidaren. Så har du dei aller rikaste milliardærane i landet som Christen Sveaas og Stein Erik Hagen som gjev millionar til Frp blant andre, seier Abdi.
Ei oversikt frå Dagens Næringsliv viser at høgresida dei to siste åra har fått 22 millionar kroner meir i valkamp-pengestøtte enn venstresida.

– Vil kjøpe seg skattelette
Dei to siste åra har partia på venstresida fått 96 millionar kroner. Partia på høgresida har fått 118,6 millionar kroner i valkampstøtte:
– Hovudsaka til milliardærane er skattelette til seg sjølve. Derfor gjev dei mange millionar til Frp og dei andre partia på høgresida. Dei vil kjøpe seg til skattelette. Det blir både hysterisk og hyklersk å kritisere at LO som på vegner av ein million medlemmer støttar partia på venstresida, seier Abdi. NHO har slutta å gje pengestøtte. Samtidig har rike personar som Øystein Stray Spetalen gjeve pengar til Krf, Christen Sveaas og Stein Erik Hagen til Frp og Høgre.
– Arbeidarfiendtleg politikk
Ap-politikaren meiner at Johnsen og Frp sin politikk ikkje arbeidar-vennleg:
– Eg trur Tor Mikkel Wara for ikkje så mange månader sidan var på Politisk kvarter eller Dagsnytt 18 der han snakka om å opne for meir mellombels jobbing. Dei kampane LO, Fagforbundet og andre har kjempa fram dei siste åra skal nærmast viskast vekk frå eksistensen. Dei vil opne for meir deltid og mellombelse tilsetjingar. Det er direkte fiendtleg mot arbeidsfolk, seier Abdi og legg til:
– Frp vil dreie arbeidslivet mot ei amerikansk retning.
Abdi viser vidare til at Frp vil:
• Fjerne skattelette for medlemskap i fagforeining, medlemmar vil tape opp mot 1800 kr i året.
• Vil ha såkalla avbyråkratiseringskutt på ein prosent i året i offentleg sektor.
• Er mot AFP-ordninga for offentleg tilsette, slik den er i dag.
• Vil bruke fleire milliardar på å privatisere velferd.
• Privatisering har ført til dårlegare løns- og arbeidsvilkår for tilsette.
Vanskeleg å få tak i
Fagbladet har gjort fleire forsøk i fleire dagar på å få tak i Tor André Johnsen, men har ikkje lykkast å få intervju eller tilsvar. Fagbladet kjem tilbake med svar og intervju frå Johnsen om han stiller.