Gaza
Tillitsvalde: Det nyttar ikkje lenger å vere bekymra og berre snakke om diplomati og forhandlingar
Regjeringa bør jobbe for sanksjonar mot Israel. Og LO bør legge press på regjeringa til å snu. Det meiner tillitsvalde i Fagforbundet og Fellesforbundet som har fått hundrevis av signaturar etter invasjonen av Gaza.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det nyttar ikkje lenger å vere bekymra og berre snakke om diplomati og forhandlingar ovarfor Israel:
– Alt tolmod med Israel som okkupasjonsmakt er forbi og vi ber om at LO tek til orde for andre verkemiddel, seier Sara Bell som er regionsekretær i Fagforbundet Vestland. Ho er ein av initiativtakarane til Fagbevegelsens opprop for Palestina som til no har fått nesten 800 signaturar. Og med andre verkemiddel meiner ho blant anna økonomiske sanksjonar, våpenembargo og forbod mot varer produsert på okkupert land.
• Hovudkontoret sprengt på Gaza, LO gjev halv million

Krev ny linje og snuoperasjon av regjeringa
Den 7. oktober drap Hamas-terroristar rundt 1200 israelarar. Etter det har staten Israel drepe over 11.000 palestinarar, rundt halvparten barn. Ifølge tal frå palestinske helsemyndigheiter på Gaza. I takt med bombing av blant anna sjukehus og flyktningeleirar på Gazastripen ulmar det i store delar av norsk fagrørsle. Og det blir kravd ei tydelegare LO-leiing:
– Oppropet er ei felles forferding over situasjonen i Gaza. Og eit felles ønske om ein veldig tydeleg LO-leiar som går ut og uttalar seg i tråd med kongressens vedtak, seier Bell som har vore Fagforbundet Vestland sin Palestina-ambassadør i ni år.

• Norske barn på Gaza vil truleg slite med traume
Liv Tørres leder LOs internasjonale avdeling. Ho seier at LO støttar alt som står i oppropet, og er krystallklar at de må bli slutt på krig og okkupasjon. LO-leiinga har teke dette opp med utanriksministeren. Les heile svaret frå Liv Tørres her:
LO: Ein mill. medlemmer og vil ha boikott
Og med vedtaket viser Bell til avstemminga på LO-kongressen i 2022. Kongressen bestemmer kva LO skal meine og gjere. Eit stort fleirtal stemte for at «LO også støttar ein internasjonal boikott av Israel»
– Har LO-leiinga ikkje vore tydelege nok?
– Eg meiner LO-leiinga har skrive ei god utsegn, men vi etterlyser at dei tek i bruk og ser på intensjonane i kongressvedtaket. Det handlar om å ansvarleggjere den norske staten sin handel med og investeringar i delar av den israelske okkupasjonen av Palestina. Norge tener pengar på å handle saman med selskap som driv på okkupert land, seier Bell.
• Oljefondet eig 66 selskap som hjelper israelsk okkupasjon

Viser til tyngda av LO
Alle partia på Stortinget, bortsett frå KrF og Frp, meiner Israel bryt folkeretten. SV og Rødt vil ha straffetiltak som sanksjonar, mens Venstre, Sp, Ap og Høgre er imot.
– Har LO nok innflytelse og kjøtvekt til å kunne påverke Ap og regjeringa når det kjem til sanksjonar mot Israel?
– Eg meiner at LO som er ein organisasjon som har over ein million medlemmer, kan ta ei tydeleg rolle i dette spørsmålet. Eg er fullstendig klar over at det er delte meiningar internt i LO og blant LO sine tillitsvalde i desse spørsmåla. Difor kan ein i det minste starte med dei investeringane. Og vi må kunne sjå på økonomiske sanksjonar, seier Bell.
• Debatt: Korfor er vi ikkje ueinige med regjeringa?
Trur på folkeleg organisering
Bell trur det som vil ha størst effekt for å få slutt på krigen er ei brei internasjonal folkeleg organisering:
– Om norsk helsepersonell, lærar, barnehageungar, nyfødde og pensjonistar hadde blitt utsett for kollektiv utsvelting og bombing. Då ville vi i den organiserte arbeidarklassen forventa ein sterk og einskapleg reaksjon frå ei samla global fagrørsle. Det bør sivile i Gaza kunne forvente av oss, seier Bell og legg til:
– Eg rettar meg mot LO-leiinga og forventar den same tydelege talen i Unio, YS og Akademikerne. Kom ut av kontora og snakk høgt om dette. Vi treng at den organiserte arbeidarklassen er ei sterk og tydeleg stemme. Det er viktig i Norge og internasjonalt. Det er dei folkelege rørslene no som kan legge press globalt.