Så mange tusen har du tapt dei tre siste åra
Sliter du i dyrtida? – Du vil truleg få dårlegare råd også neste år
Gjennomgangen viser at du har tapt over ei månadsløn om du har bustadlån på to millionar kroner. Sjekk når forbrukarøkonom Mange Gundersen trur du vil få betre råd igjen.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Forbrukarøkonom og Luksusfellen-ekspert Magne Gundersen trur at vi får betre råd i 2025:
– Eg trur trenden med reallønsnedgang vil snu i 2024. Samtidig vil vi ha høge renter som gjer at det vil bli trongare. Slik sett endå trongare neste år. Eg trur folk vil oppleve at det blir slakkare i 2025, seier Gundersen.
• Fagbladet sin gjennomgang: Sjekk kor mykje du har tapt her

Dette kan du gjere
Gundersen meiner overgangen til det nye året er ein bra sjanse – til å sette seg ned å lage ei plan:
– Det er lurt å lage ei plan for økonomien til neste år. De kan vere eit fint nyttårsforsett. Set opp ei plan for kor mykje du har å rutte ned. Dette er dei nødvendige utgiftene. Pass på å sikre at du ikkje brukar meir enn du har råd til. Ta høgde for at bustadlånet vil stige også neste år. Det er viktigare enn nokon gong å få kontroll på økonomien, seier forbrukarøkonomen. Sjekk ut Gundersen sine 13 sparetips her.

• Tener du mindre enn kollegaene? Sjekk snittløna i 350 yrke
Dette bør politikarane gjere
Auka renter og spesielt straumpris er viktigaste grunn til at vi har fått dårlegare råd i det siste, ifølgje SSB. Forbrukarøkonom Gundersen er kritisk til den politiske handteringa av straum, som han meiner har feila:
– Sjølve prisen i seg sjølv er ille nok. Det blir ekstra ille når prisen er så uforutsigbar og svingar frå dag til dag og time til time. Både bedrifter og personar veit ikkje kva straumen endar på neste månad, seier Gundersen og legg til:
– For nokre månader sidan var det nesten gratis straum i ein periode. Eg treng ikkje gratis straum, men føreseielege prisar utan dei skyhøge toppane. Vi har eit straumsystem som fører til jojo-prisar som vi ikkje er tente med. Vi må få på plass nye mekanismar som sikrar meir stabile prisar, seier Gundersen med ei oppmoding til regjeringa og Stortinget.
• Slik sparar du tusenlappar i månaden