Yngst på Fagforbundets landsmøte 2025
Sjefen ville trekke halve månadsløna: – Då skjønte eg noko om fagforeininger
Emma Sandø Brekstad (22) er yngste delegat på landsmøtet. Ho har eit hjarte som bankar for lærlingar – og for at unge skal engasjere seg. Berre nokre veker ut i arbeidslivet stod ho opp og bana veg for fleire andre.
Ein nordmørsbunad som blinkar i sølv duvar i korridorane ved Oslo Kongressenter. Emma Sandø Brekstad rekk å ta fem steg i mylderet av folk før ein ny stemme seier «Heeeei» og ein ny, varm klem kjem. Landsmøtet sin yngste delegat tek ei lita pause for å dele nokre tankar om det ho brenn for.
Ville trekke halve månadsløna
Emma var nettopp ferdig med lærlingtida og hadde starta i eit vikariat som helsefagarbeidar. Ein dag kom ei melding frå sjefen som meinte at ho hadde teke ut to veker for mykje ferie.
– Eg fekk valet mellom å jobbe dei inn eller bli trekt to veker i løn. Men det var ikkje aktuelt, seier Emma på Averøy-dialekt.
Ho gjekk til ein tillitsvald og blei kalla inn til eit møte med leiinga.
– Dit kom både leiaren og personalsjefen i kommunen. Den hovudtillitsvalde viste berre til lovverket. Nokre dagar etter møtet fekk eg ein telefon frå den tillitsvalde: Leiinga hadde fråfalle kravet, seier Emma.
Bana veg for andre
Emma delte det som hadde skjedd med kollegaene. Ho understrekar at det ikkje var vondt meint frå leiinga, men at det truleg hadde skjedd ein feil i utrekninga av ferien då ho gjekk frå lærling til vikar.
– Då var det faktisk ein annan kollega som også hadde det same problemet, og som då torde å seie frå. Ho hadde eigentleg tenkt å berre jobbe inn dei dagane. Så det førte til at fleire også torde å seie ifrå om at dette ikkje er greitt – det er ikkje vår feil, seier Emma, som i dag er leiar av ungdomsutvalet til Fagforbundet i Møre og Romsdal.
– Korleis hadde dette vore for deg om du ikkje hadde vore fagorganisert?
– Då hadde eg stått der heilt åleine. Og eg hadde blitt trekt ganske mykje i løn. Det er nettopp dette det dreier seg om – at ein ikkje står åleine, og at nokon har ryggen din.
Lærlingar
Emma, som i dag bur i Molde, ønskjer å gjere lærlingtida betre.
– Det eg brenn mest for, er lærlingar. Og då spesielt at dei må få god nok oppfølging under læretida. Eg ser at det er mange lærlingar som går veldig mykje åleine og føler at dei ikkje får den rettleiinga dei eigentleg skal ha. Det er mi hjartesak å sørgje for at lærlingar får endå betre rettleiing. Og der burde rettleiarane bli skulert meir, seier 22-åringen.
– Oppsøk dei unge og informer
– Det er 456 delegatar på landsmøtet, og 26 av dei er unge. Kva tenkjer du om det?
– Vi er kanskje ein minoritet, men vi er også 50 000 medlemmer under 30 år. Det er ikkje så lite likevel. Eg tenkjer at det talet absolutt må opp. Ein må starte med at fylka prioriterer unge, slik at dei får ein sjanse til å bli med. Klubbleiarane på arbeidsplassen må aktivt oppsøkje dei unge, informere og få dei inn i Fagforbundet. Det er også viktig at lokale fagforeiningar finn ut kvar dei unge er, seier Emma.
Ho trekkjer blant anna fram Fagforbundet si TikTok-satsing og seier at dei videoane har slått svært godt an blant unge.
Tysdag tok Emma ordet framfor heile landsmøtet og fronta forslaget frå Fagforbundet Møre og Romsdal om at flyktningar skal kunne melde seg inn i Fagforbundet og betale redusert kontingent til dei kjem i arbeid.




