Riksadvokaten droppar skuldingar om folkemord mot bussjåfør Jean (63)

Skuldingane hang over Jean Budengeri i sju år og førte til at han nesten mista huset. No takkar han Fagforbundet for støtte.

Jean Budengeri er medlem i Fagforbundet og ikkje lenger skulda for å ha tilrettelagt for folkemord i Rwanda i 1994.Han fekk stipend frå Fagforbundet til å omskulere seg til bussjåfør.
KAN PUSTE UT: – Det er ein enormt stor lette for meg, seier Jean Budengeri.
Publisert Sist oppdatert

Ein dag kom nokre alvorlege sivilkledde menn og sa han måtte bli med:

– Eg hadde aldri trudd dette kunne skje med meg i rettsstaten Norge, seier Jean Budengeri. 63-åringen kom til Norge som flyktning frå Rwanda i 2006.

Familiefaren gjekk frå å ha ei trygg stilling i kommunen, til å sitje 479 dagar i varetektsfengsel, miste jobben og lese om seg sjølv i media at rwandiske myndigheiter skulda han for å ha lagt til rette for drap og folkemord i 1994. 

Slutt på etterforsking og sak

Riksadvokaten la vekk saka mot Budengeri 3. juli:

– Det er ein enormt stor lette for meg. Du anar ikkje kva dette har gjort med livet mitt, seier Budengeri.

Fagbladet har tidligare omtalt at Budengeris forsvarsteam seier dei har avdekt falske skuldingar i saka. 

Han er ein av i alt 21 rwandiske flyktningar i Noreg som har blitt skulda for å ha delteke i folkemordet i 1994. 19 av sakene er lagt vekk. 

Ei av dei sakene, som Fagbladet tidlegare har omtalt, vart lagt vekk etter at Justisdepartementet kom fram til at ting kunne «tyde på at det har fremkommet vitnepåvirkning fra lokale rwandiske myndigheter».

– Har mista sju år av livet mitt

Budgengeri blei fengsla 5. juni 2018. I løpet av dei nesten 500 dagane han sat varetektsfengsla, skjedde mykje i livet til firebarnsfaren: 

– Eg mista jobben min i flyktningtenesta i kommunen fordi eg var vekke i over eitt år, fortel Budengeri. 

Han seier at han fekk fleire tilbod om jobb i kommunen etter at han slapp ut. 

Det var berre eit problem: Fordi Kripos framleis etterforska saka, hadde han ikkje reint rulleblad og vandelsattest. 

Det hindra han frå mange moglege jobbar i kommunen:

– Vi stod i fare for å miste huset fordi eg var utan inntekt. Inga hjelp, inga støtte – berre frykta for å miste heimen vår. Dette har vore ei ubeskriveleg påkjenning for heile familien, seier han. 

–  Djupe sår

Fengslinga har sett spor i psyken, fortel Budengeri:

– Den langvarige varetektsfengslinga har ført til djupe sår. Dette er eit traume for familien, karrieren og den sosiale identiteten. Sjølv om saka no er lagt vekk, opplever eg prosessen som eit alvorleg brot på rettstryggleiken. Eg har mista fridomen sjølv om eg er uskuldig, seier han til Fagbladet. 

Etter at Budengeri slapp ut hausten 2019, stod han utan arbeid. I 2022 fekk han frilansoppdrag med å hente og kjøyre bilar som skulle seljast. 

Dei neste åra blei prega av sporadisk jobbing og svært trong økonomi.

 

Vendepunktet

Budengeri bestemte seg for at han ikkje skulle la seg knekke og at han måtte tenke nytt:

– Det var då eg tenkte å ta kurs og bli bussjåfør, fortel firebarnsfaren. 

Det ville koste rundt 220.000 kr. NAV sa seg villig til å dekkje ein god del av kurset:

– Likevel var det ein stor restsum eg måtte dekkje sjølv. Då søkte eg om støtte frå Fagforbundet. Der fekk eg eit stipend på 15.000 kr. Den hjelpa betydde meir enn berre pengar. Det er eit løft og ei påminning om at nokon har trua på meg, seier Budengeri. 

Gode nyheiter

2025 blei året han fekk tre gode nyheiter. 

Den eine var e-posten som fortalde at han hadde fått eit stipend frå Fagforbundet. Støtte som hjelpte til omskulering. 

Den andre var brevet han fekk 3. juli frå Riksadvokaten. Der stod det at saka mot han er stoppa. Og at det blant dei mest sentrale vitna var funne «overdrivelser, feil og andre svakheter som gir grunn til å stille spørsmål ved forklaringens pålitelighet». Saka mot han blei med dette brevet offisielt lagt vekk.

Eit nytt liv

Den 1. august kom den tredje nyheita, då Fagbladet ringde for eit intervju:

– Kan eg slå på tråden tilbake om litt, du skjønar eg har min første dag i fast jobb som bussjåfør. Eg har bestått helsesjekken, har reint rulleblad og vandelsattest, no som saka er lagt bort, sa Budengeri muntert. 

Etter jobb fortalte han vidare at han skal bruke den neste tida på finne tilbake til normalen:

–  Eg har mista sju år av livet mitt. Tap av tid med familien, tap av arbeid, av tillit, av tryggleik og sjølvkjensle – det er noko eg aldri får tilbake. Det hjelp ikkje at eg ikkje er dømt. I mange sine auge er eg framleis «han som blei fengsla i den saka», seier Lofotværingen. 

Budengeri seier han fekk skuldingane mot seg fordi han ikkje ville hjelpe det rwandiske diktaturet med flyktningspionasje

Jean Budengeri er medlem i Fagforbundet og ikkje lenger skulda for å ha tilrettelagt for folkemord i Rwanda i 1994.Han fekk stipend frå Fagforbundet til å omskulere seg til bussjåfør.
TOK LAPPEN: Eit stipend på 15.000 kr frå Fagforbundet var med å snu livet til Jean Budengeri. No har han fått fast jobb som bussjåfør.

Takknemleg

Samtidig som han har opplevd mykje vondt og tungt, deler han at det også har vore lyspunkt:

– Eg er takksam for at Riksadvokaten har sett at saka mot meg berre er noko som er fabrikkert. Eg er takknemleg for alle som har hjelpt familien min og meg. Eg er også takksam til alle som har sett at skuldingane mot meg er feil, seier den ferske bussjåføren og legg til:

–  I dag sit eg bak rattet som ferdig utdanna bussjåfør. Eg er utruleg takknemleg for støtta frå både NAV og Fagforbundet. Utan dykk hadde draumen vore mykje vanskelegare å oppnå. 

For ordens skuld: Riksadvokaten har ikkje teke direkte stilling til påstanden frå Budengeri om at saka skal vere fabrikkert. 

Men det står blant anna i vedtaket at nokre av vitnemåla mot han, inkludert fleire av dei mest alvorlege, «har elementer av overdrivelser, feil og andre svakheter som gir grunn til å stille spørsmål ved forklaringens pålitelighet».

Fagforbundet:  – Varm om hjartet

Ingunn Reistad Jacobsen er leiar av Yrkesseksjon samferdsel og teknisk i Fagforbundet. Ho er oppløfta over kva stipendet har betydd for Budengeri:

– Eg blir jo veldig glad og faktisk også varm om hjartet. Vi seier jo at Fagforbundet har omtanke, samhald, solidaritet som verdigrunnlag. Vårt mål er å gjere kvardagen for våre medlemmane våre lettare. Og at stipendordninga kan gjere at medlemane våre får det betre, seier ho.

For det er det som er sjølve meininga med fagorganisering, ifølgje ho.

– Eg blir alltid glad når ein får bekrefting på at det å vere fagorganisert betyr noko og utgjer ein forskjell for medlemmane våre, seier Jacobsen. 

Fagforbundet deler ut rundt 20 millionar kroner i stipend i året. Medlemmer kan få støtte til mellom anna vidaregåande utdanning, universitet, fagskule eller ulike sertifikat.  

POSITIV: Ingunn Reistad Jacobsen, leiar av Yrkeseksjon for samferdsel og teknikk i Fagforbundet.
Powered by Labrador CMS