Slik blei kommunen blant dei beste på heiltid:
Marion kjøpte husvære med kjærasten berre ein månad etter at ho hadde gått opp til 100 prosent stilling
Kommunen tok to grep for å få alle på full tid.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Marion Barstad (23) fekk 100 prosent stilling etter eit år som vikar på Furuhaugane omsorgssenter i Florø. Då hadde ho hatt fagbrev som helsefagarbeidar i eitt år. I oktober 2017 kom ho inn i turnusen med full stilling.
Og det var ikkje i ein seks eller tolv vekers turnus. Det var ein turnus som gjekk over eit heilt år. Flora kommune innførte nemleg årsturnus i 2016.
Fleire tilsette
– Allereie etter eitt år såg arbeidsgjevarane at det var behov for fleire folk enn dei hadde rekna med. Alle dagane med ferie, sjukefråvær og kurs må jo dekkast opp, seier Maj-Linn Selvik, hovudtillitsvald i Flora kommune.
Difor er leiarane blitt mindre redde for å auke stillingane etter at dei innførte årshjulet.
Eigen bustad
– Dei tillitsvalde har jobba knallhardt for meg, og eg kjenner meg heldig som har fått ei heil stilling, seier Marion Barstad. Ho har inntrykk av at dei aller fleste unge ønskjer full jobb.
– Utan heil stilling er det vanskeleg å etablere seg, seier 23-åringen. Sjølv kjøpte ho husvære saman med kjærasten berre ein månad etter at ho hadde gått opp til 100 prosent.
Heiltid er hjartesaka til Malvik-ordføraren
Årsturnus kombinert med tidbank
Årsturnusen er eit vellukka tiltak for å skaffe fleire heile stillingar. Men det er ein tidbank som gjer det mogleg å gje tilsette full stilling utan at arbeidsgjevar risikerer å ha for mange på jobb. Til dømes kan 80 prosent av ei stilling leggjast inn i årsturnusen. Dei resterande 20 prosentane hamnar i ein tidbank. Når ein pleiar skal ha fri, kan arbeidsgjevar ty til tidbanken for å finne ein tilsett som skuldar nokre timar.
Dei som har ein del av stillinga si i tidbanken, har fortrinnsrett på ledige vakter. Men dei kan takke nei til vaktar dersom dei ikkje har fått beskjed minst to veker i førevegen.
Auka grunnbemanning lønner seg
Ønske blir oppfylte
Helsefagarbeidar Marion Barstad meiner årsturnus er ein god ting både for henne sjølv og for kollegaene hennar.
– For meg er det fint å planleggje feriar i god tid slik at eg kan feriere saman med mannen min. For kollegaen min som trenar eit handballag, er det viktig at ho får fri ein bestemt kveld i veka. Eg har inntrykk av at dei fleste har fått gjennom ønska sine, seier ho.
Erfaringa så langt er ifølgje tillitsvalde at dei fleste tilsette og arbeidsgjevarar tykkjer det er fleire fordelar enn ulemper med langsiktig planlegging. For arbeidsgjevar er det også eit poeng at kompetansen med dette systemet er på plass også i ferietida på sommaren.
Deler på fri i høgtidene
For mange er jula den viktigaste høgtida i året. Særleg dei som har barn, ønskjer ferie då.
– Har småbarnsforeldre førsteretten på ferie i jula?
– Nei, vi kan ikkje straffe folk for ikkje å ha barn, slår tillitsvalde Maj-Linn Selvik fast. Dei som ikkje hadde fri førre jul, får fri neste jul dersom dei ønskjer det.
Flora kommune er så heldige at dei har mange tilsette med annan kulturell bakgrunn enn den kristne. Difor er det ikkje så viktig for dei å ha ferie korkje jul eller påske, og det blir lettare å sette opp ein årsturnus som alle kan vere nøgd med.
Følgjer lova og vel så det
I oktober kvart år samlar arbeidsgjevar inn alle ønska om fri for neste turnusår. Ho eller han bestemmer kven av dei tilsette som skal sette opp turnusen for neste år. Til slutt er det avdelingsleiar og tillitsvalde som saman med turnusansvarleg går gjennom årsturnusen og godkjenner han.
Arbeidsmiljølova set rammene for alt turnusarbeid. Slik er det også i Flora kommune. Maj-Linn Selvik meiner dei har fått til ein god avtale med arbeidsgjevar.

Ingen korte vakter
– Då nokre leiarar byrja å operere med vakter på seks timar, gjorde vi ei avtale om at i Flora kommune skal inga vakter vere kortare enn sju timar. Unnataket er viss arbeidstakaren sjølv ønskjer det.
Selvik er også nøgd med at sjølv om lova opnar for at kviletida mellom sein- og tidlegvakt kan vere heilt nede i åtte timar, er dei i Flora samde om at hovudregelen er 11 timar og minimum er 9,5 timar kvile mellom to vakter.
– Vi har også opning for at dei som ikkje har krefter til å gå tidleg vakt etter ei sein vak, får sleppe det.
Annonserer heile stillingar
Ein del av satsinga på heiltid i Flora inneber at dei ikkje lyser ut små stillingar. I 2017 hadde dei 18 ledige stillingar i pleie- og omsorgssektoren. Av desse var ei på 75 prosent. Resten var 100 prosent.
Før nye stillingar blir lyste ut, må leiar undersøkje om nokon av dei som arbeider deltid, ønskjer større stilling.
Vilja til heiltid og tiltaka for å få bukt med ikkje-ønska deltid førte til at 36 fleire tilsette arbeidde full tid i 2017 samanlikna med året før.
Meir heiltid etter kutt i vikarbudsjett og auka grunnbemanning
Får ikkje velje å gå ned i stilling
Innsatsen for heiltid gjer det vanskelegare å få redusert stilling. Tilsette som har fått 100 prosent jobb, blir nekta å redusere arbeidstida si utan gode grunnar.
– Unnataket er tilsette som har små barn, seier Maj-Linn Selvik. Ho og dei andre som legg ned mykje tid og energi for å gje dei tilsette ei løn å leve av, håper at dei etter kvart klarer å endre haldninga til folk. Framleis er det slik at nokon gamblar. Dei arbeider deltid og håper at dei likevel kan fylle opp stillinga til 100 prosent med vaktar som passar dei. Men Selvik meiner haldningane er i endring, og at dei som gamblar, blir færre for kvart år.
Nå kan du ta fagbrev på jobb med full lønn
Vil leggje til rette for småbarnsforeldre
Denne sommaren gifta dei seg, Marion Barstad og kjærasten. Ho ser ikkje bort frå at dei snart blir fleire. Då kan ho bli ein av dei som søkjer om å få redusert arbeidstid.
– No har eg overskot til å arbeide fullt. Men det blir nok vanskeleg når eg får barn, trur den unge helsefagarbeidaren.
Fagforbundet og dei andre i Flora kommune som arbeider for å auke talet på heile stillingar, håper Marion ikkje får rett.
– Vi vil prøve å legge til rette for at Marion og andre småbarnsforeldre kan fortsette i heile stillingar, seier Maj-Linn Selvik.