Pengetrøbbel for eit av dei største musea i landet
Kuttar 20 stillingar ved Munch-museet
Tillitsvalde er kritiske til at leiinga planlegg å seie opp over ein av ti tilsette. Også medlemmer i Fagforbundet kan miste jobben.
Munch-museet i Oslo har hatt gode besøkstal, men slit med pengane. Klassekampen skriv at leiinga føreslår å kutte 20 stillingar for å spare. I fjor haust blei det kjent at Munch-museet må spare 40 millionar kroner.
– Bør spare på annan måte
Tine Schmidt Haislund er tillitsvald for Akademikerne ved museet:
– Vi føler vel at leiinga i større grad burde forsøkt andre løysingar for å betre økonomien. Om dei hadde gjort det, så har dei i alle fall ikkje dokumentert det godt nok.
Direktør Tone Hansen seier til Morgenbladet at dei har spart rundt 15 millionar kroner sidan i fjor haust. Og at dei no meiner det ikkje er nokon veg utanom å seie opp tilsette.
Tillitsvald: – Blir dyrt om vi må leige inn
Tara Fox er tillitsvald for Fagforbundet ved Munch:
– Kutt er sjølvsagt noko vi ikkje ønsker. Vi har medlemmer som er stolte av jobben sin og som opplever at dei trengst for å drive museet.
Tillitsvalde Haislund meiner kuttforslaget til leiinga ikkje garanterer sparing:
– Forslaga som er lagt fram, inneber ikkje nødvendig vis ei besparing. Dersom ein for eksempel skal løyse enkelte oppgåver ved å hente inn eksterne ressursar, vil det også koste pengar.
Klassekampen skriv at det var betre tider Munch for tre år sida. Og at det då blant anna blei tilsett fire nye avdelingsdirektørar. Det blei også lyst ut stilling som "innovasjonskatalysator".
Ikkje endeleg klarlagd
Til Klassekampen seier direktør Tone Hansen at dei skal endeleg avklare korleis sparinga vil bli:
– Vi arbeider for å redusere oppgåver og aktivitetar på ein måte som gjev nødvendig effekt. Samstundes som vi i størst mogleg grad tek vare på publikumstilbodet. Korleis det konkret vil bli, er det prosessen som no er i gang som skal avklare.
Avisa skriv vidare at leiinga ved museet reknar med å lande prosessen i løpet av våren:
– Når vi må redusere kostnadar, må vi også redusere aktivitet. Det vil påverke delar av tilbodet. Samstundes vil vi prioritere det som er viktigast for publikum og oppdraget til museet, svarar direktør Hansen til Klassekampen.