I denne kommunen jobbar dei hardt for mest mogleg heiltid

Anja fekk 82 prosent stilling etter fem år i Sandfjøra barnehage, og fortsetter arbeidet for å få heiltidsjobb.

TRYGGARE: Anja Paulsen Malvik er glad ho er på veg mot full stilling i barnehagen.
TRYGGARE: Anja Paulsen Malvik er glad ho er på veg mot full stilling i barnehagen.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Tolv prosent større stilling betyr mykje, meiner barne- og ungdomsarbeidar Anja Paulsen Malvik.

27-åringen arbeidde først fire år som vikar og tilkallingsvakt før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast stilling. No i september gjekk ho opp til 82 prosent.

– Eg har hus og gjeld og må arbeide 100 prosent for å klare meg, seier ho.

No er økonomien tryggare. Og ho er friare.

Anja er ein av 34 tilsette i Sandfjæra barnehage i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Fire av dei har fått større stilling gjennom samarbeidet for heiltidskultur mellom Fagforbundet og kommunen.

Fleire tiltak for auka stilling

Line Johnsen, leiar i Fagforbundet Malvik, brenn for heiltidskultur og for heile, faste stillingar.

– Vi nyttar ofte arbeidsmiljølovas paragraf 14-4 for å få auka stillingar, fortel ho.

Det var den paragrafen som også hjelpte Anja. (Sjå faktaboks.)

Ein annan moglegheit for auka stilling er å slå saman to små stillingar til ein. To tilsette har fått heil stilling på den måten. To andre har fått heil stilling ved å skifte arbeidsplass.

Inga enkel løysing

Line Johnsen seier det er svært vanskeleg å skaffe full stilling til alle, særleg i pleie- og omsorgssektoren. Ikkje nok med at helgearbeid er ei utfordring. I Malvik har dei eit ekstraproblem fordi kommunen i mange år har nytta korte vakter.

– Ei anna side ved saka er at mange tilsette ikkje kan eller vil arbeide full tid, seier Line Johnsen. Andre vil ikkje arbeide fleire stader.

Grunnane til deltid er komplekse. Derfor finst det heller inga enkel løysing.

– Det einaste som er sikkert i dette arbeidet, er at du treng mykje tolmod, seier Fagforbundets leiar i Malvik.

Full stilling etter 25 år

Tolmodet til Alma Fossen (55) var nær ved å ta slutt da ho etter 25 år i pleie- og omsorgstenesta endeleg fekk full stilling i april i år.

– Eg har alltid tatt ekstravakter og derfor arbeidd full tid, så eg tener ikkje meir no. Men eg veit når eg har fri, seier hjelpepleiaren.

– Og eg slepp endelig å jakte på ledige vakter, legg ho til.

(Artikkelen held fram under biletet)

IKKJE FRIVILLIG: Alma Fossen var delvis arbeidslaus. Men arbeidsgjevar definerte henne som frivillig deltidsarbeidar.
IKKJE FRIVILLIG: Alma Fossen var delvis arbeidslaus. Men arbeidsgjevar definerte henne som frivillig deltidsarbeidar.

Ulik forståing av kva som er frivillig

Alma Fossen er i seg sjølv eit døme på kor samansett heiltidsproblemet er; Ho vil og kan arbeide heiltid. Men på grunn av ein skade i akilleshælen kan ho ikkje gå og arbeide lenge på harde golv. Difor har ho måtte takke nei til nokre tilbod om auka stilling.

Når ein tilsett ikkje tek imot det tilbodet han eller ho får, reknar arbeidsgjevar den tilsette som frivillig deltidsansatt. Uavhengig av kvifor den tilsette takkar nei.

Dette har gjort Alma temmeleg oppgitt. Korkje ho eller Fagforbundet i Malvik har rekna deltida hennar som frivillig.

Fagforbundsleiaren i Malvik, Line Johnsen, er heller ikkje nøgd med denne måten å definere frivillig deltid på. Ho meiner det blir for enkelt for arbeidsgjevar å definere alle som ikkje takkar ja til eitkvart tilbod, som frivillig deltidstilsette.

– Vi vil gjerne bli samde om ein definisjon. Det må vere avgjerande om den tilsette sjølv meiner det er frivillig deltid eller ikkje, meiner Line Johnsen.

Powered by Labrador CMS