Her blir Emma (18) noregsmeister

Lærling Emma Straub (18) frå Trondheim vann yrkes-NM i helsearbeidarfaget 2022.

Emma Straub hjelper ein pasient som har hatt hjerneslag.
Emma Straub hjelper ein pasient som har hatt hjerneslag.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne veka var det NM i yrkesfag i Kristiansand. Vinnarane skal no vidare til europameisterskapet i Polen neste år.

– Det var fantastisk å vere med på, seier Emma Straub.

Vinnaren i helsearbeidarfaget seier det var litt skummelt, men mest koseleg og lærerikt.

Ho har vore elev ved Strinda vidaregåande og er no lærling på geriatrisk avdeling på St. Olavs Hospital i Trondheim. Målet er å fullføre læretida og få fast jobb på sjukehus.

Varierte oppgåver

Emma og dei andre konkurrentane starta konkurransen på tysdag med ei oppgåve frå heimesjukepleia. Då hjelpte dei ein brukar som hadde hatt slag, og som var plaga med afasi, med påkledning og opptrening.

Dag to var ein situasjon frå sjukehus med ein pasient som var nyoperert med utlagt tarm. Her skulle deltakarane mellom anna stelle stomi, ta målingar og rettleie både pasienten og dei pårørande.

Siste dagen var det ei akuttoppgåve. På eit treningssenter fekk ein person eit krampeanfall. Deltakarane måtte gjennomføre fyrstehjelp, kontakte 113 og ta vare på venen til hen som fekk anfallet. Her hjelpte ambulanse-lærlingane til for å gjere det så realistisk som mogleg.

Visar fram dyktige fagfolk

Yrkes-NM vert arrangert annakvart år, men sist gong var i 2018. Arrangøren er organisasjonen Worldskills, og konkurransen i helsearbeidarfag er eit samarbeid med Fagforbundet, Delta, Spekter og KS.

Deltakarane kvalifiserer seg i fylkesvise konkurransar og vert så sendt vidare til å konkurrere i NM. I år var det litt færre deltakarar enn vanleg, berre seks personar. Pandemien gjorde det vanskeleg for mange fylke å arrangere konkurransar.

Kurt Rønning, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er likevel strålande nøgd.

– Vi er utruleg glade for få vere med på å arrangere yrkes-NM igjen. Det er ein flott måte å vise fram yrket og dei mange dyktige, unge fagfolka. Ekstra gøy er det sjølvsagt at ein medlem i Fagforbundet vant, seier ein smilande Rønning.

Mange fag

Sørlandshallen var full av forskjellege fag, som anten konkurrerte eller berre demonstrerte kva faga går ut på. I tillegg til helsearbeidarfag var det konkurranse i til dømes barne- og ungdomsarbeidarfag. På utdanningsmessa kunne ein få demonstrasjon av mellom anna ambulansearbeidarfag, frisørfag, hudpleiefag og ernæringsarbeidarfag.

Powered by Labrador CMS