Ein minister som tjuvlåner ein tre månader gamal sjarmør, ein tidlegare minister som leikar i rusjebanen til ein barnehage og ein 81-åring som får tre av dei mektigaste kvinnene i landet til å gapskratte. Sjekk Fagbladet sine glimt av valkampen her.
SJARMØR: Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna plukka opp og fekk låne Isaak (3 mnd) rett etter eit intervju under valkampen 3. september.Foto: Øystein Windstad
FAST JOBB: Caroline Strømlid stod nyleg fram i Fagbladet og delte at ho ikkje får jobb fordi ho har mild funksjonsnedsetting. Her deler ho ein klem med Ap-politikar Tuva Moflag etter eit intervju.Foto: Øystein Windstad
LEIKEN: Sp-politikar Sibjørn Gjelsvik var på barnehagebesøk 4. september. Gjelsvik som er småbarnsfar viste korleis det skal gjerast i rusje-tunnellen.Foto: Øystein Windstad
Foto: Øystein Windstad
Foto: Øystein Windstad
SJARM: Johhny Ringstad (81) bur på Lørenskog sykehjem og fekk besøk av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap), LO-leiar Kine Asper Vistnes og Fagforbundet-leiar Mette Nord. Ringstad fortalde at han har vore tillitsvald og medlem av foreininga Jern og metall, som seinare blei til Fellesforbundet. Der var Vistnes leiar til ho nyleg tok over LO-roret.Foto: Øystein Windstad
STØTTE: Fagforbundet-leiar Mette Nord på møte i Nordre Follo 4. september med reinhaldarar og vaskeritilsette som kan bli privatiserte. Frp og Høgre i kommunen har vedteke at dei vil konkurranseutsette opp mot 80 stillinger.Foto: Øystein Windstad