OUS-styret vedtok nedlegging i dag
Alle fagforeiningane er mot nedlegging av Ullevål: – Vil stoppe av seg sjølv
Verken legane, sjukepleiarane eller helsefagarbeidarane vil ha dei nye sjukehusplanene: – Denne svinaktige dyre utbygginga vil stoppe av seg sjølv, seier Bjørn Wølstad-Knudsen, føretaktstillitsvald for Fagforbundet.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I dag vedtok styret i Oslo universitetssykehus (OUS) å legge ned Ullevål sjukehus. Og å bygge nytt Rikshospital på Gaustad og nytt Aker sjukehus. Alle arbeidstakarorganisasjonane og fagforeiningane stemte imot byggeplanane:
– Eg syns dette er ein sorgas dag og forferdeleg trist. Slik sjukehuset er tenkt no, har det så mange komplekse saker i seg at det nesten er umogleg å bygge opp som planlagd, seier Bjørn Wølstad-Knudsen. Han har bakgrunn som paramedic og er føretakstillitsvald for Fagforbundet ved OUS.
• Fleirtal blant Oslo-politikarane for å bevare Ullevål
– Bygger ned psykiatrien
Wølstad-Knudsen fryktar at psykiatrien vil kome dårlegare ut med dei nye planane:
– Det viktigaste er at dei vil bygge to sjukehus som ikkje heng tilstrekkeleg saman. Me får heller ikkje plass til heile Groruddalen. Det var ein føresetnad, seier han og legg til:
– Min påstand er at dei bygger ned psykiatrien. Det kjem av at når psykiatrien frå Groruddalen skal inn i det nye sjukehuset, vil dei ha det same talet på behandlingsplassar som no. Det er ikkje rekna inn befolkningsvekst og psykiatrien som kjem frå Ahus.
• Tillitsvalde trur det ikkje er nok pengar til nye sjukehus
Trur planane vil strande
Føretaktstillitsvalde Wølstad-Knudsen trur utbygginga vil bli mange milliardar dyrare enn planlagt:
– Dette vil bli svinaktig dyrt. Min påstand er at me kunne ha bygd ut Ullevål, fått det betre, billegare og hindra at pasientar og tilsette blir veldig berørte i dei 7-10 åra utbygginga vil ta. Denne utbygginga kjem til å stoppe av seg sjølv på eit tidspunkt. Ho er no estimert til å koste 42 milliardar kroner, men vil koste mykje meir. Me syns at OUS, Helse Sør-Øst og regjeringa køyrer med for stor risiko. Dei vil ikkje ha pengar til dette, seier Wølstad-Knudsen til Fagbladet. Sjukehusplanane skal vidare opp i Helse Sør-Øst, som er venta å gå inn for nedlegging av Ullevål og stemme som styret i OUS gjorde i dag.