Emoji:
16 yrkesgrupper har sin eigen emoji. Er ditt yrke på lista?
Bare 16 yrkesgrupper har sin eigen offisielle emoji.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det finst nesten 2.000 av dei. Vi har alle våre favorittar, som vi bruker når vi sender meldingar til vennar, familie og kollegaar. Vi tenker sjølvsagt på emojiar, dei små bilde-teikna du finn i tastaturet på mobilen din.
Men kor mange yrkesgruppe har eigentleg fått æra av sin eigen emoji? FriFagbevegelse har tatt ein titt på lista over offisielle emojiar.
16 emojiar for arbeidsfolk
Medan det finst heile 104 offisielle emojiar for ulike dyr og 114 emojiar for ulike typar mat og drikke, er det berre berre 16 emojiar som synleggjer personar i rolla som arbeidstakar.
Det finst likevel mange emojiar du kan bruke for å skildre kva du jobbar med og kva aktivitetar du utfører på jobben. For eksempel kan ein frisør bruke 💇 for å vise fram kva han eller ho gjer i løpet av ein arbeidsdag.
Her er yrka som har sin eigen emoji:
Brannkonstablar: 👨🚒👩🚒
Bygningsarbeidar: 👷♂️👷♀️
Bønder: 👨🌾👩🌾
Dommarar: 👨⚖️👩⚖️
Fabrikkarbeidarar: 👨🏭👩🏭
Forskarar: 👨🔬👩🔬
Helsearbeidarar: 👨⚕️👩⚕️
Kokkar: 👨🍳👩🍳
Kontorarbeidarar: 👨💼👩💼
Kunstnere: 👨🎨👩🎨
Lærarar: 👨🏫👩🏫
Mekanikarar: 👨🔧👩🔧
Pilotar: 👨✈️👩✈️
Politikonstablar: 👮♂️👮♀️
Songarar: 👨🎤👩🎤
Teknologar: 👨💻👩💻
Er du ikkje ferdig utdanna enno? Fortvil ikkje. Her er nokre emojiar du kan bruke i mellomtida: 👨🎓👩🎓
Korleis kan yrket mitt få ein eigen emoji?
Det er den ideelle organisasjonen The Unicode Consortium – med medlemmer som Facebook, Google og Facebook – som står bak lista over dei offisielle emojiane. Dei tek imot forslag til nye emojiar, men set som krav at ein argumenterer for at det vil bli ein populær og nyttig emoji.
Organisasjonen lagar nummer-kodane som ligg til grunn for emojiane (og alle andre teikn forøvrig), slik at dei skal fungere på tvers av plattformar, medan dei som lagar programvaren du bruker lagar designet etter gitte retningslinjer. Det betyr at du må vente på programvareoppdateringar før du kan bruke nye offisielle emojiane.
Unicode Consortium oppgir at dei kjem til å legge til omtrent 60 emojiar i året, inntil ein har ein betre løysing. Heile 230 nye emojiane for 2019 vart lansert i starten av februar.
Den mest populære emojien på Twitter akkurat no er 😂, ifølge emojitracker.com som måler emojibruken i sanntid. Den same emojien er mest populær på Instagram, ifølge ein rapport.