Julebord, alkohol og seksuell trakassering:
Ein av fem har fått uønskte seksuelle tilnærmingar frå rusa kollegaar. Her er fem gode råd i julebordsesongen
20 prosent av oss meiner at folk drikk for mykje alkohol på julebord, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Desember er den desidert største julebordsmånaden. Over halvparten av oss skal på julebord, og langt dei fleste av desse skal på julebord arrangert av jobben. Då høyrer alkohol med for mange.
Samtidig viser ei fersk undersøking gjennomført av Respons Analyse for organisasjonen Av-og-til, at nærmere 20 prosent har opplevd uønskte seksuelle tilnærmingar eller kommentarar frå rusa kollegaar. Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud meiner arbeidsgivarar må å ta grep.
– Vi veit at alkohol utløyser ein risiko for at tilsette blir utsette for hendingar som er uheldige og i verste fall ulovlege, sånn som seksuell trakassering. Vi meiner arbeidsgivarar har eit ansvar for å redusere alkoholbruken. Det kan dei gjere ved å ta bort alt som heiter fri bar og ha tydelege reglar for alkoholbruk på jobbarrangement, seier ho til Magasinet for fagorganiserte.
• Her er fem råd alle ansatte og sjefer bør vite om før julebordet
p
Fylla har skylda
Omtrent 20 prosent meiner også at folk drikk for mykje alkohol på juleborda, ifølge undersøkinga.
– Eg trur metoo har bidratt til bevisstheit rundt alkoholen sine negative effektar, og at fleire ønsker ei endring i bruken av alkohol. Nordmenn drikk mykje i jobbsamanhengar som julebord, men også i gråsoner som under fredagspils og jobbreiser. Vi må snakke om alkoholen, kva effektar den har og lage tydelege reglar for når og kor mykje ein kan drikke i jobbsamanheng, seier Eriksrud.
– Er det ikkje lettvint å legge skylda for seksuell trakassering på bruken av alkohol?
– Det ligg jo eit menneskesyn til grunn når ein utfører seksuell trakassering, men det er heller ingen tvil om at i mange av metoo-sakene var alkohol inne i bildet. Ein måte arbeidsgivarar kan ta tak i utfordringa på, er å redusere mengda alkohol under jobbarrangement. Det er eit forholdsvist enkelt grep å ta, svarer Eriksrud som meiner gode alkoholfrie alternativ er viktig.
Mindre gratis alkohol
Utviklinga verkar å gå svakt i riktig retning. To av ti seier at dei har fått mindre gratis alkohol påspandert av arbeidsgivaren under dei siste åra sine julebord, viste nyleg ei undersøking gjennomført av Kantar for NHO Reiseliv. Delen er størst i dei store bedriftene.
– Vi er positive til at bedriftene kuttar i gratis alkohol på juleborda, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, som organiserer bedrifter i utelivsbransjen, til Magasinet.
Ho fortel at mange bedrifter har kutta ut brennevin heilt og berre spanderer øl eller vin til maten. Annan drikke må deltakarane betale sjølv. I tillegg har mange bedrifter gått over til julebord i lønsjen, der det ikkje blir servert alkohol.
• Her finner du Fagbladet på Facebook
Heilt på linje
– Mitt inntrykk er at både restauranteigarane og andre arbeidsgivarar er heilt på linje i dette spørsmålet. Hovudgrunnane er at mindre alkohol er helsemessig positivt for tilsette, i tillegg til at det blir enklare å unngå metoo-situasjonar. Så anbefaler vi heller arbeidsgivarane å ta med seg dei tilsette ut på restaurant oftare, seier Krohn Devold.
p
Undersøkinga til NHO-foreininga viste også at heile åtte av ti som har julebord på jobben, meiner det er lite fokus på seksuell trakassering. NHO Reiseliv oppfordrar derfor bedrifter som ikkje har rutinar for førebygging og handtering av seksuell trakassering, til å følge opp arbeidsgivaransvaret sitt og få dette på plass.
Likestillings- og diskrimineringsombodet, Arbeidstilsynet, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, lanserte nyleg ein digital kviss som dei oppfordrar arbeidsgivarar og tilsette til å ta i bruk. Formålet er å sette i gang samtalar om seksuell trakassering på jobben.