Colourbox
Yrkesseksjonsleder helse og sosial Fagforbundet Vestland
At folk med praktisk erfaring i å jobbe med sjuke menneske og solid pleiefagleg kunnskap ikkje er eigna med mindre dei lærer seg meir litteraturhistorie og matematikk.
Ikkje ein gong tilleggspoeng får helsefagarbeidarar for fagbrevet sitt! Slik det er no får ein tilleggspoeng til opptak ved sjukepleia for folkehøgskule. Det er i og for seg greitt, folkehøgskule er bra for mange. Likevel er det eit noko urovekkande i at staten seier til helsefagarbeidarar at ein er betre kvalifisert til å studera sjukepleie om ein til dømes har eit år med japansk sverdfekting, «design og fashion» eller «multisport» frå folkehøgskule, enn om ein har fireårig helsefagleg utdanning.
• Helsefagarbeider Henrikke vil bli sykepleier. Men 22 års erfaring som barnepleier teller ikke
«Ah, men medikamentrekning er viktig» høyrer eg du seier. Det er heilt rett, men for det fyrste forklarar det ikkje behovet for at sjukepleiarar kan meir litteraturhistorie enn ein helsefagarbeidar, og for det andre så er medikamentrekning grunnskulematematikk. Det er sjølvsagt viktig at han vart rett, men me må ikkje gjere det vanskelegare enn det er.
Så, viss det ikkje er matematikk, og heller ikkje eit behov for litteraturhistorisk kompetanse på norske sjukehus, kva er det då? Er det «studiekompetanse»? Altså ein lett nedlatande tanke om at ein ikkje er førebudd på å kunne studere når ein har praktisk kompetanse? Det er vel å sjå bort frå at fagarbeidarar har moglegheit til å studere på fagskular, høgare yrkesfagleg utdanning, og opparbeide seg studiepoeng der. Men det er vel òg å vise svært låg tillit til evna til å formidle kunnskap hos universiteta og høgskulane våre?
Samstundes har me gode overgangar for ingeniørar, med såkalla «yrkesfaglege vegar» eller «y-veg», til dømes ved Høgskulen på Vestlandet. Dei som tek denne utdanninga, blir dyktige og ettertrakta ingeniørar. Kva er det som gjer helsefagarbeidarane så spesielle at dette ikkje er mogleg å få til i helseutdanningane?
• Fire av fem helsefagarbeidere trenger eller ønsker seg faglig påfyll
Det er på tide å tenkje nytt. Me treng y-vegar innan helse. Helsefagarbeidarar som ynskjer det må kunne bli sjukepleiar. Ambulansearbeidarar som ynskjer det må kunne bli paramedisinarar. Ikkje fordi det ikkje er godt nok å vere fagarbeidar, men for å gi ein ekstra veg til å vidareutvikle kompetansen sin, i tillegg til fagskuleutdanningar og realkompetansen ein opparbeider seg på jobb.
I år har me sett nedgang på søkjarar til sjukepleiestudia. Studieplassar står faktisk tomme. Då kan me ikkje setje opp kunstige barrierar som hindrar dyktige, motiverte fagfolk å kome inn på studiet. Lag ein skikkeleg y-veg, og fjern dei meiningslause karakterkrava. La dei bli sjukepleiarar!
SOLIDARITET: – Vi krever at det tas solidariske grep, sier leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet.
Ida Bing
MER TIL FLER: Alle foreldre med barn under 18 år får en økt ytelse fra 1. mai.
Mats Løvstad
Martin Guttormsen Slørdal
HAR TROA: Akademikerne, Unio og LO kommune er fortsatt like uenige om lavtlønte skal prioriteres eller om bedre lønn til høyt utdannede for å sikre at kommunene får rekruttere viktig personell. - Jeg tror vi finner en løsning, sier Mette Nord (t.v) i LO kommune.
Ola Tømmerås
TRYGGERE: – Nå trenger ikke de ansatte å bekymre seg for billigere og dårligere pensjonsavtaler ved at barnehageeierne bytter tariffavtale for å få lavere kostnader, sier Mette Nord om forslaget til ny barnehagelov. Illustrasjonsfoto.
Jo Straube
TIL HØYESTERETT: Norges høyeste domstol skal behandle spørsmålet om omplasseringsplikt, etter en anke fra Tana kommune.
Sissel M. Rasmussen
privat
Colourbox
privat