Vi anerkjenner fagfolka!

Ambulansepersonell går på jobb kvar dag for å gjere oss alle trygge. Det er vår felles oppgåve å sikre at dei som reddar oss i livets mest dramatiske situasjonar har dei rammevilkåra som skal til for at dei gjer ein god jobb.

Publisert Sist oppdatert

Difor fekk paramedisinarane autorisasjon som helsepersonell i 2022, og difor foreslo regjeringa ei overgangsordning til paramedisinar-autorisasjon i januar i år. Intensjonen var å sikre at dei som hadde kompetanse tilsvarande paramedisinar-utdanninga fekk denne anerkjend som likeverdig.

Men då overgangsordninga vart lagt fram var det framleis nokre grupper som stod i fare for å falle utanfor overgangsordninga. Når det, sjølv med overgangsordninga, var fleire som hadde kompetansen som falt utanfor var det klart at me måtte gjere noko.

Sikrar autorisasjon

Etter tilbakemeldingar frå fagmiljøa kunne me difor presentere ei forbetra overgangsordning 25. juni. Denne er mellom anna eit resultat av solid fagleg-politisk samarbeid mellom Fagforbundet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet

No sikrar me at alle som allereie har starta på nasjonal paramedic-vidareutdanning kan søkje autorisasjon som paramedisinar. Me sikrar òg at ambulansearbeidarar som har utdanna seg til sjukepleiar som eit alternativ til nasjonal paramedic-vidareutdanning òg får autorisasjon.

Skal utvikle framtidas teneste

Me er glade for å no ha fått på plass ei løysing. Dette gir oss eit solid grunnlag som me saman kan byggje framtidas ambulanseteneste på. Noko av det viktigaste i vårt samfunn er at det finst eit forsvarleg tilbod ved akutt sjukdom og skade. Folk skal vere trygge på at dei får rask helsehjelp når det hastar, uavhengig av kor i landet dei bur.

Saman skal me byggje videre og sikre gode akuttmedisinske tenester i heile landet. Då må me sjå og anerkjenne den livsviktige kompetansen som finst ute i tenestene. Paramedisinaren er sjølvsagt viktig, men like viktig er òg ambulansearbeidaren, som er og har vore ryggrada i tenestene.

Takk for det viktige arbeidet dykk i dei akuttmedisinske tenestene gjer. Vår jobb er å sikre at dykk har dei naudsynte rammene for å løyse oppdraget. Det skal me fortsetje å jobbe for – saman.

Powered by Labrador CMS