Dyrtid
Prisane stig meir enn lønninga: Så mykje har du tapt på tre år
Har du ei løn over snittet, midt på treet eller under? Sjekk kor mykje du har tapt på dyrtida dei siste tre åra. Og når ein ekspert trur du vil få betre råd igjen.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Kvart år har lønningane våre gått opp. Men, det har også prisane. Blant anna høgare renter og dyrare straum gjorde at prisane steig meir enn lønningane i fjor. Og no som 2023 er over, ser det ut som prisveksten vil ete opp lønsauken tredje året på rad. Vi har rekna på kva dei tre siste åra med dyrtid har gjort med lommeboka di.
• Tener du mindre enn kollegaene? Sjekk snittløna i 350 yrke
– Blir verre før det blir betre
Magne Gundersen har jobba med folk som slit med økonomien i 15 år. Til dagleg jobbar han som forbrukarøkonom i Sparebank 1. Men han er også kjent for mange som programleiar og ekspert i Luksusfellen på TV3 sidan oppstarten i 2008. Han trur det er lurt å stålsette seg for neste år:
– Vi må vere klare for at det blir verre før det blir betre. Og renteutgiftene blir høgare neste år. Det vil bli endå trongare i 2024. Det er lurt å gjere det vi kan no og vere klar for at det blir ein endå dårlegare økonomisk situasjon. Sjå kva tips forbrukarøkonom Gundersen kjem med og når han ventar vi skal få betre råd, i eiga undersak.

• Slik kan du spare tusenlappar i månaden
Kva betyr reallønsnedgang?
Svaret er tusenlappar. Mange av dei. I snitt har det nesten ikkje vore reallønsauke sidan 2015. Fordi prisane har gått opp meir enn lønningane i 2021, 2022 og 2023. Har du eit lån på rundt to millionar kroner, har du samla sett dei tre siste åra fått godt over ei månadsløn mindre å rutte med. Korleis? Sjekk ut reknestykka og oversikta nedanfor. Så mange tusen mindre sit du igjen med om …

• Fleire med vanlege jobbar på sosialhjelp
Du har 720.0000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 16.087 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 40.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 46.195 kroner.
• Dei bestemte løna di, sjå kva toppane tener
Du har 648.000 i årsløn (Snittløn, nesten)
Sidan 2021 sit du igjen med 15.443 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 35.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 45.551 kroner. Snittløna i Norge var på 634.700 kr i fjor Ifølge SSB.
• Så mykje aukar pensjonane og trygdene i år
Du har 564.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 14.574 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 30.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 44.682 kroner.
• SV og regjeringa: Aukar barnetrygda og minstesats uføre
Du har 468.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 12.594 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 25.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 42.702 kroner.
• Rekordstor lønsauke i år, men prisane et opp alt
Du har 384.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 10.097 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 20.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 40.205 kroner.
OBS: Snittal
Til orientering er det store variasjonar mellom yrkesgruppene. Nokon har fått ein god del dårlegare råd enn andre under dyrtida. Reknestykket er basert på gjennomsnittstal. Det vil seie at gjennomsnittslønsaukene for dei tre åra er lagt til grunn (3,5 prosent i 2021, 4,3 prosent i 2022 og 5,2 i år). Tala for reallønsutviklinga er basert på statistikk frå Teknisk beregningsutvalg for inntekstoppgjørene (TBU). Obs, det er også verdt å merke seg at det er lagt til grunn for reknestykket at reallønsnedgangen i 2023 blir på 0,4 prosent. Det er ikkje sikkert vi landar der, men det var estimatet mot slutten av i fjor. Det er også andre ting som spelar inn på kor mykje du sit igjen med. Det er også verdt å merke seg at i dei eksempla med lågast inntekt, vil ein normalt sett ikkje kunne få eit lån på to millionar kroner. Har du eit lån på over to millionar kroner, vil du følgeleg ha fått enno mindre å rutte med dei tre siste åra enn i dette eksempelet.