Opnar for meir privat helse

Både aviskommentatoren og nestleiaren i Fagforbundet ser det same: Ein helseminister som får Ap til å opne opp for meir privat behandling.

Helseminister taler fra podium foran publikum i glasshall på sykehus.
HÅRETE MÅL: Helseminister Jan Christian Vestre la fram måla sine for norsk helsevesen tysdag. Han vil at Noreg skal ha det beste helsevesenet i heile verda om nokre år. Måla kom under Helsetalen 2026 ved Drammen sykehus.
Publisert Sist oppdatert

Tysdag heldt helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre Helsetalen 2026. Blant anna skal køane ned. Det skal skje ved at ideelle og kommersielle aktørar som har avtale med det offentlege blir ein "integrert del" av helsetenesta:

– Eg forventar at dei regionale helseføretaka allereie i år inngår fleire langsiktige avtalar med ideelle og private aktørar slik at den samla kapasiteten i helsetenesta blir best mogleg utnytta.

Vidare sa helseministeren dette i talen:

– Eg forventar også at private avtalespesialistar blir brukt meir for å ta ned ventetidene i spesialisthelsetenesta.

Kommentator ser linjeskifte i Ap

Anita Hoemsnes er kommentator i Dagens Næringsliv. Ho har skrive om tema frå helsekøane til private helseforskringar. I sin nyaste kommentar skriv ho at helseminister Vestre slår dørene opp for private i helsevesenet og står for eit linjeskifte:

– Om du først står i ein helsekø, er det klinkande likegyldig for deg om det er private som behandlar deg. Då trur eg ideologien forsvinn. Du vil berre ha hjelp. Støre to-regjeringa er mykje meir pragmatiske. Dei tenkjer at dei berre må få jobben gjort og få folk ut av sjukehuskø, seier Hoemsnes.

22 Anita Hoemsnes er kommentator i Dagens Næringsliv

– Pragmatisk pådrivar

DN-kommentatoren meiner Vestre er ein minister som kan få til forandringar:

– Med Vestre sin status internt i Ap, entusiasme, pågangsmot og vilje til å stå i konfliktar, har han inntatt ei pådrivar-rolle som eg trur er premissen for at det kan bli endringar i ein tungrodd helsesektor.

Hoemsnes skriv i kommentaren sin at ho trur Vestre sitt grep med offentleg godkjente private tilbydarar, kan gje meir helse ut av skattepengane våre. 

Nestleiar: – Løyser ikkje mangel på folk

Line Tollefsen er nestleiar i Fagforbundet. Ho fekk med seg helsetalen til Vestre og er einig i at han står for eit linjeskifte som vil gje meir privat i helse:

– Undersøkingar viser at det vil bli færre tilsette per pasient i framtida. Det blir ikkje fleire helsefagarbeidarar med fleire private aktørar. Vi meiner vi at utfordringa ikkje kan løysast med bruk av private aktørar som ein framtidsplan.

NYVALD: Line Tollefsen blei valt til nestleiar av Fagforbundet i haust. Bildet er frå Fagforbundet sitt landsmøte.

Tommel opp for sterkare styring av private

Samtidig er Fagforbundet-nestleiaren positiv til måten Vestre og regjeringa skal bruke private på:

– Vestre ønsker ein mykje større kontroll med dei private. Det er vi positive til, om det er slik at ein skal bruke private for å ta unna trykket.

For fritt sjukehusval

Tollefsen seier at ho og Fagforbundet støttar regjeringa sitt system med fritt sjukehusval. Slik at brukarane kan velje den plassen med kortast ventetid. Nestleiaren seier at Ap-regjeringa sin måte å bruke private på, er heilt annleis enn då Høgre styrte:

– Dei offentlege sjukehusa fekk då dobbel økonomisk belastning. For det første fekk dei rekninga på behandlinga og så mista dei inntekta på behandlinga. Her skil jo fritt behandlingsval og fritt sjukehusval seg veldig frå kvarandre. Og Vestre har vore tydeleg på at han ønsker å ha kontroll med private aktørar og det dei leverer. Det ønsker vi hjarteleg velkomen, seier Tollefsen. 

– Marsjordre frå ministeren

Generelt seier Fagforbundet-nestleiaren at ho er positiv til Vestre sine planar som han kom med i Helsetalen 2026. Tollefsen trekkjer fram helseministeren sine ønske om eit medarbeidar-løft:

– Eg oppfattar at talen er ein marsjordre til heile helse-Noreg. Om å gjere eit medarbeidarløft. Der ein tek i bruk tilsette og ikkje minst driv utviklinga saman med tillitsvalde og verneteneste. Det er han tydeleg på. Det er der utviklinga og omstillinga av tenesta skjer. Det er mellom partane. Her er Vestre og Fagforbundet einige, seier Tollefsen.

Powered by Labrador CMS