Helseministeren vil ha fleire lærlingar ved sjukehusa
Det skal bli fleire læreplassar ved alle sjukehusa dei neste månadene. Det har helseminister Jan Christian Vestre bestemt.
Helsevesenet vårt skal bli det beste i verda og få 100.000 fleire tilsette. Det er målet til Ap og helseminister Jan Christian Vestre. Han heldt Helsetalen 2026 på nyopna Drammen sykehus tysdag. Det skal blant anna skje ved auka satsing på rekruttering.
Vestre nemnde det ikkje i talen sin, men fortel om regjeringa si planlagde satsing på lærlingar til Fagbladet:
– Vi skal sikre at sjukehusa tek inn fleire lærlingar og opprettar fleire læreplassar. Det er ei klar føring i oppdragsbreva til alle helseføretaka om at talet lærlingar skal opp, seier Vestre.
Oppdragsbreva er bestillingane til regjeringa og Helsedepartementet om kva sjukehusa skal prioritere og levere på. Her kjem regjeringa med heilt konkrete mål til helseføretaka.
Fleire lærlingar i alle sjukehus
Helseminister Vestre seier at han og regjeringa vil stå for den største nytenkinga innan helse på 25 år. Ministeren har blant anna sett ned helsereformutvalet der blant andre dagleg leiar av Fagforbundet, Lars Erik Flatø, er med.
– Har du eit mål på kor mange læreplassar sjukehusa skal opprette?
– Talet på læreplassar skal auke, og det er viktig at det skjer i alle helseføretak. Vi har god dialog med Fagforbundet og dei andre partane i arbeidslivet.
– Vi vil sjølvsagt følge med på at dette faktisk skjer dei neste månadene. Om eg ikkje ser positiv utvikling, så kjem vi til å vere tydelege overfor sjukehusa på at dette skal dei levere på. Det er heilt avgjerande for fagarbeidarløftet at vi lykkast. Vi kjem til å trenge mange fagfolk framover.
Lovar heile faste stillingar
Helseminister Vestre seier at det skal bli slutt på ufrivillig deltid:
– Eit anna viktig tema er at alle skal få tilbod om faste og heile stillingar. Det er avgjerande. Det er framleis for mange som jobbar ufrivillig deltid. Det blir framleis utlyst for mange deltidsstillingar der vi meiner det burde ha vore heiltid, seier Vestre og legg til:
– Det å kome opp i heiltid vil ikkje berre vere bra for den enkelte som ønsker det. Det er òg eit veldig viktig bidrag for å sikre at vi har nok fagfolk i tenesta. Hadde alle dei som i dag jobbar ufrivillig deltid, arbeidd heiltid, hadde vi truleg hatt mange tusen fleire årsverk. Dei treng vi alle framover, sa Vestre rett etter talen tysdag.
Ung-leiar jobba sjølv som sjukehuslærling
Marte Sofie Thorbjørnsen er leiar av Fagforbundet Ung. Ho har bakgrunn som helsefagarbeidar og har sjølv vore lærling ved Drammen sykehus. Thorbjørnsen er glad for regjeringa si satsing og seier at lærlingar tenkjer nytt og annleis:
– Det er kjempeviktig med lærlingar på sjukehus. Vi skapar spisskompetanse på arbeidsplassane. Lærlingen er i tillegg ho eller han som tør å stille kritiske spørsmål, som bidreg til at avdelinga held seg fagleg oppdatert, seier Thorbjørnsen og trekkjer fram rolla til helsefagarbeidarane:
– Det er eit yrke med masse potensial, og det ser vi absolutt under oppgåvedelinga. Der helsefagarbeidarar blant anna får moglegheit til å gjere mykje meir oppgåver som ofte har blitt lagde til sjukepleiarar. Det er enormt mykje fagarbeidaren kan gjere for å sikre rett kompetanse til rett plass. Det gjev betre samarbeid og arbeidsflyt, meiner eg.
– Unik erfaring
Thorbjørnsen jobba innan akutt-tenesta og seier erfaringane ho har teke med seg frå sjukehus har verdi både på privaten og i den nye jobben som Ung-leiar:
– Eg synest det var heilt fantastisk når eg berre skjønte korleis det var å vere turnusarbeidar. Det å gå frå skulebenken til turnus var kjempetøft. Men eg hadde ein lærlingkoordinator som sa at «hald ut dei tre første månadene, så går det bra». Det er det beste valet eg har gjort i heile mitt liv, seier Fagforbundet Ung-leiaren.