Fleire i full jobb får sosialhjelp: –⁠ Det er uverdig at folk må stå med lua i handa

Over 6.400 personar er i full jobb samstundes som dei tek imot sosialhjelp. Det er ei auking på seks prosent fra året før.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det viser Statistisk sentralbyrå sine nye sosialhjelpstal for 2017.

Det er 6.420 personar som hadde heiltidsjobb og samtidig fekk sosialhjelp. Det utgjer 4,8 prosent av alle mottakarane, og er ein auke på nesten 6 prosent frå året før.

SV meiner dette viser at delen arbeidande fattige i Noreg er stor.

Frykter endringer i Norges rauseste velferdsordning

SV: – Uverdig

– Dette viser jo at veldig mange slit kraftig med å få økonomien til å gå rundt sjølv om dei er i fullt arbeid – dette er arbeidande fattige i Noreg. Det er uverdig at folk skal måtte stå med lua i handa, seier SVs arbeids- og sosialpolitisk talsperson, Solfrid Lerbrekk, i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

– Noreg skal ikkje vere eit land der du er fattig når du er i full jobb. At så mange må ha hjelp frå Nav når dei samtidig jobbar kvar einaste dag, er eit teikn på eit samfunn vi ikkje ønsker, åtvarar stortingsrepresentanten.

SV peikar på at løningane i lågtlønsdelen av privat sektor samtidig har stått nesten heilt stille i mange år. Partiet meiner arbeidsinnvandring gjennom EØS har ført til sosial dumping og må ta sin del av skulda for dette.

– Med meir sosial dumping og tøffare forhold i arbeidslivet risikerer vi at dette kjem til å bli verre. Når vi har fri flyt med arbeidsinnvandring frå EØS og ei regjering som ikkje er tøff nok mot sosial dumping, kan vi få fleire som står i arbeid, men likevel ikkje klarer å forsørge seg sjølv og familien, seier Lerbrekk.

Også for alle sektorar har det vore lågare lønsvekst for dei lågtlønte. Frå 2006 til 2016 hadde dei ti prosentane med lågast løn ein reallønsvekst på berre 3 prosent. Samtidig har dei ti prosentane med høgast løn hadde åtte gongar så stor lønsvekst i same periode. Forskjellane i fordelinga av løn auka med 13 prosent i denne perioden.

Lågtløna har berre hatt 3 prosent reallønsauke dei siste ti åra

Equinor-sjefen fikk en lønnsøkning på 30 prosent på ett år

Nedgang siste ti år

Statssekretær Christl Kvam (H) i arbeids- og sosialdepartementet avviser at regjeringa tek lett på sosial dumping. Ho meiner dei har lagt inn ein massiv innsats mot arbeidslivskriminalitet, blant anna ved å etablere sju senter mot a-krim.

– Ja, vi meiner EØS-avtalen er bra for norsk næringsliv, og heller enn å stenge grensene, vil vi jobbe knallhardt for at folk som jobbar her og driv forretning her følger norske lover og reglar. Vi må ha tøffe sanksjonar mot dei som bryt reglane og vi vil heile tida vurdere om etatane har dei reiskapane som trengst, seier Kvam i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

Disse kommunene tar opp kampen mot sosial dumping

Kvam vil heller ikkje trekke slutninga at låge løningar er grunnen til at personar i full jobb tek imot sosialhjelp.

– Det viktigaste verkemidlet for å motverke fattigdom er å sørge for at flest mogleg er i arbeid. Økonomisk stønad er samfunnets sikringsnett for dei som ikkje kan sørgje for eiget livsopphald gjennom arbeid eller på annan måte. Det gjeld også personar som er i arbeid som får eit midlertidig stønadsbehov på grunn av uventa utgifter eller andre forhold, seier statssekretæren.

Kvam peikar dessutan på det har blitt færre som har full jobb og tek imot sosialhjelp dei siste ti åra og at talet var høgare då SV sat med regjeringsmakt.

Powered by Labrador CMS