– Fagforbundet svertar Frp og borgarleg side

– Arbeidsfolk får like god råd med borgarleg regjering, seier Frp-politikar Tor André Johnsen som meiner Fagforbundet bør halde seg unna valkampen.

TOMMELTOTT: Frp-politikar Tor Andre Johnsen la ut dette bildet på Facebook-profilen sin. På bildet står han i lag med sambuar Marit Ophus som er fjerde-kandidat for Frp Hedmark.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg la stortingspolitikar Tor Andre Johnsen ut eit Facebook-bilde som viste tommelen ned for Fagforbundet. I ein e-post utdjupar Johnsen korfor han er kritisk til Fagforbundet:

– Vi ser i intervju i mellom anna FriFagbevegelse og andre medium at tillitsvalde frå Fagforbundet prøver å sverte borgarleg side. Dei finansierer også annonsekampanjar for venstresida mot borgarleg side. Det opplever eg som aktiv skremselspropaganda for å prøve å skremme folk frå å stemme Frp eller borgarleg.

Meiner Fagforbundet bør slutte med venstreside-støtte 

Johnsen viser til at arbeidsgjevarforeininga NHO har slutta å gje pengar til politiske parti. Og at Politiets Fellesforbund som er ein del av Unio, ikkje støttar parti:

– NHO eller fagforeiningar, som Politiets Fellesforbund (PF), driv ikkje på denne måten. Dei fokuserer på saker som er viktige for medlemmene sine. Det er opp til veljarane å vurdere kva parti som fører ein politikk som samsvarer med det NHO og PF med fleire meiner. 

Meiner LO har noko å lære av PF

Johnsen er vald inn på Stortinget for Innlandet og sit i justiskomiteen: 

– Vi har til dømes eit veldig godt samarbeid med PF. Dei sakene som PF er opptekne av for å betre arbeidskvardagen til politiet, har vi løfta fram i media og foreslått på Stortinget. Slik sett er det ingen tvil om at Frp er eit godt val for dei som jobbar i politiet. Men PF finansierer sjølvsagt ikkje annonsekampanjar for Frp eller svertekampanjar mot venstresida av den grunnen. Her har LO og Fagforbundet noko å lære, skriv Johnsen.

Blant andre Ap-politikar Hashim Abdi påpeikar at dei borgarlege partia får meir i pengegåver til støtte til valkampen enn venstresida.

Bildet under er frå ein annonse frå Fagforbundet som Johnsen la ved i e-posten.

Fagforbundet har annonser i blant andre Nettavisen i valkampen 2025
Fagforbundet har annonser i blant andre Nettavisen i valkampen 2025

Meiner arbeidsfolk får like god råd med Frp i regjering

Johnsen meiner bodskapen i annonsen er feil:

– Det er til dømes ingenting som tilseier at folk flest, «arbeidsfolk», som det står i ei av annonsane, skal få betre økonomi med ei raud-grøn regjering enn med ei borgarleg regjering, skriv Johnsen i e-posten. 

 

Powered by Labrador CMS