– Noreg bør nekte Israel å delta i FN

Eva Ler Nilsen
landsmøte 2025
Svein Morten Voldsrud

Den norske regjeringa bør ta til orde for å nekte den israelske FN-delegasjonen å delta i FN. Det seier Fagforbundet sin nyvalte nestleiar Svend Morten Voldsrud.

Han meiner også at Fagforbundets landsmøte bør kome med ein kraftigare uttalelse grunna folkemordet på Gaza og okkupasjonen av Vestbredda:

– Apartheid-regimet i Sør-Afrika blei nekta å delta i FN fordi dei ikkje fulgte charteret til FN. Israel følger heller ikkje forpliktingane sine og FN-reglane. På same måte som Sør-Afrika blei utestengt frå FN, bør Noreg ta til orde for at Israel sine delegatar ikkje får delta i FN.

Powered by Labrador CMS