Skatt på personalbillett:
Er det rimelig at pensjonerte bussjåførar må skatte av frikortet? Ja, meiner Siv Jensen
Finansministeren avviser at regjeringa sine nye skattereglar for personalbillettar er urimelege.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei nye skattereglane for dei billege billettane til tilsette i kollektivtransporten, samt familien deira og pensjonerte tilsette, kan føre til at mange tusen må ut med ekstra skatt når reglane trår i kraft kommande år.
I eit skriftleg spørsmål til finansminister Siv Jensen (Frp), spør stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) om det er urimeleg at også pensjonerte bussjåførar må betale skatt for det såkalla frikortet sitt. Finansministeren avviser at dei nye reglane er urettferdige.
– Dette svaret viser at regjeringa ikkje vil ta omsyn til verken at transportnæringa tidlegare har hatt unntak for skatteplikt eller at pensjonistane eigentleg har betalt for frikortet gjennom eit aktivt yrkesliv med lågare lønn, skriv Ap-politikar Ingrid Heggø i ein e-post til FriFagbevegelse.
• Her er lista over avgifter og kutt som rammer arbeidsfolk
Skattefri grense
For bussjåførane er frikortet nemleg ein rett som er framforhandla mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane i staden for høgare lønn. Frikortordninga gjeld også for bussjåførar som mottar alders- eller uførepensjon, slår den såkalla bussbransjeavtala fast, så lenge dei har 15 år bak seg i jobben.
Denne typen billett er definert som personalrabatt og gåve, ifølge departementet, noko som gjer personalbillettane skattefrie opp til ein marknadsverdi på 10.000 kroner til saman. Verdien over denne grensa blir skattlagt som lønn.
«Pensjonerte bussjåførar som får fribillettar, kan òg nytte dette fritaket sidan rabatten har samanheng med tidlegare arbeidsforhold», skriv finansministeren som meiner regjeringa ryddar opp i reglane og på denne måten behandlar arbeidstakarar meir likt.
• Skatt på personalbillett: Slik er den nye ekstraskatten for tilsette i kollektivtransporten
Honnørpris
Det er samtidig færre pensjonistar, samanlikna med dei som er i jobb, som må betale skatt for frikortet, ifølge Siv Jensen. Grunnlaget for skattlegginga er nemleg marknadsprisen på tilsvarande billettar.
Finansministeren viser til at «marknadsprisen for bussbillettar ofte er lågare for pensjonistar, noko som inneber at dei vil kunne få fleire billettar skattefritt enn arbeidstakarar».
NHO anslår at 12.000 bussjåførar har tilgang til frikortordninga. Jernbanedirektoratet har tidlegare opplyst at nesten 15.000 tilsette og pensjonistar bruker fribillettar i jernbanen.
Skattekaos
Ap-politikar Ingrid Heggø meiner regjeringa ikkje har undersøkt konsekvensane av dei nye skattereglane godt nok. Skatten på personalbillettar skulle eigentleg vore innført allereie 1. januar i år, men har blitt utsett heile to gongar.
«Likevel verkar det som reglane framleis ikkje er klare for transportselskapa og pensjonistane i transportselskapa», skriv Heggø i spørsmålet og peikar på at «korleis ei handheving av innraporteringsplikta for pensjonistar skal bli er vanskeleg å finne ut av».
p
FriFagbevegelse har tidlegare skrive om at mange arbeidsgivarar no slit med å finne grunnlaget for skattlegginga av personalbillettar, slik dei har ansvar for. Det eksisterer nemleg ikkje samanliknbare billettar på marknaden for dei fleste personalbillettar og det er dermed vanskeleg å finne marknadspris.
Finansministeren svarer at endringane har vore ute på høyring og vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i fjor, nettopp for å gi næringa tid til å tilpasse seg endringane.