Nytt sjukehus
Sekretærane kviskra i det opne kontorlandskapet på det nye sjukehuset. Då sa øyre-nese-hals-legen stopp
Det nye opne kontorlandskapet gjer at tilsette kviskrar og er mindre sosiale: – Legen kom inn og fortalte at kviskring er skadeleg for stemmebandet, seier tillitsvalde Christine Myrvang.
I haust klippa kronprinsen snora og helseministeren sa det nye sjukehuset er i europeisk toppklasse. Samtidig meiner fleire tilsette ved Drammen sykehus at noko må bli betre.
Christine Myrvang er hovudtillitsvald for Fagforbundet ved sjukehuset.
Ho fortel om ein øyre-nase-hals-lege som reagerte på at mange kviskra til kvarandre i det opne landskapet:
– Legen sa då at kviskring har dårleg effekt på stemmebandet ditt når du kviskrar mykje. Det kan gje skadar på stemmebandet ved å kviskre mykje over lang tid. Den seksjonen har fått beskjed om at dei må slutte med det og snakke med vanleg stemme, seier Myrvang.
Fagbladet har snakka med legen, som stadfestar at rådet vart gjeve, men ikkje vil gå inn ein offentleg debatt om kontorutforming.
At kviskring ikkje er bra for stemmen, kjem også fram i denne amerikanske medisinske studia.
Tilsette blir sjuke
Sidra Choudhry jobbar i det opne landskapet som helsesekretær.
Ho seier det opne landskapet gjer at fleire blir sjuke grunna bakgrunnsstøy:
– Landskapet er utfordrande. Vi er så mange som sit med telefonar og støy rundt oss. Det blir forstyrringar av legar og sjukepleiarar som skal inn og spørje oss om noko eksempelvis. På det gamle sjukehuset hadde vi eigne kontor der to eller tre sat og jobba stille og roleg. No slit fleire med veldig mykje hovudpine. Det er sjukdom grunna mykje støy, dårleg og tung luft, seier Sidra Choudhry.
Vil ha skjerming og støydemping
Både ho og kollega Fakhra Mustafa er helsesekretærar og medlemmar i Fagforbundet:
– Det er så mange som kjem inn og mykje forstyrring og bråk. Det er mange som går forbi heile tida. Du klarer ikkje så enkelt å jobbe og fokusere deg, seier Mustafa.
Sjukehuset er flunkande nytt. Samtidig etterlyser begge helsesekretærane skjerminga dei hadde på det gamle.
– På det gamle sjukehuset hadde vi kontor der tre eller fire kunne sitje saman å jobbe stille og roleg. No er det bråk og mange menneske rundt heile tida. Vi treng meir inndeling der to eller tre kunne sitje saman å jobbe, seier Choudhry.
Mange yrkesgrupper sit saman
Hovudtillitsvalde Myrvang likar at helsesekretærar sit saman med andre yrkesgrupper:
– Her sit legar, sjukepleiarar og helsesekretærar saman, seier Christina Myrvang og peikar ut over ei øy med opne kontorlandskap.
Ho er hovudtillitsvald for Fagforbundet ved Drammen sykehus.
Myrvang likar tanken godt: Dei ulike yrkesgruppene skal sitje nær kvarandre, bli godt kjent og raskt skal kunne løyse oppgåver i lag.
Mindre sosiale i ope landskap
Ho seier måten kontora er løyst på verkar mot si eiga hensikt. At dei tilsette er mindre sosiale og snakkar mindre saman.
Ei stor norsk studie viser at opne kontorlandskap fører til at folk snakkar mindre saman.
Og det har vore ein del hysjing på kontoret i Drammen, ifølgje Myrvang.
– I praksis fungerer kontorløysinga suboptimalt fordi ein er redd for å forstyrre kollegaene eller ei anna yrkesgruppe. Ein dempar seg, kviskrar eller kanskje vel å ikkje spørje. Du spør berre når det verkeleg er viktig. Og det går utover det sosiale. Du får ikkje det gode arbeidsmiljøet der nokon snur seg og spør korleis helga var, seier ho.
Etterlyser støydemping
Ho meiner det må skje noko med støyen:
– Optimalt skulle eg ønske at det var laga litt meir soner og støydemping. Spesielt for dei kontortilsette som sit der frå åtte til fire kvar dag. At dei får meir soner der dei kan vere, så dei slepp å ta omsyn til ei legegruppe eller ei anna gruppe. At det blir laga seksjonar der dei kan prate. Samtidig at det er såpass ope at legane torer å kome hit. Det er viktig med ein kultur for openheit kombinert med demping, seier Myrvang.
Ho seier og det er for få møterom til dei kontortilsette.
Skal evaluere landskapet
Gro Vik Knutsen er fagsjef medisin ved Drammen sykehus.
På e-post svarar ho at dei skal gå igjennom erfaringane med ope kontorlandskap:
«Både tilsette og leiinga ved Drammen sjukehus ser at det er behov for å justere dei opphavlege planane, slik at ein i større grad kan ta omsyn til individuelle behov.»
«Etter innflyttinga 5. oktober har vi fått erfaringar med korleis kontorløysinga vert opplevd av dei tilsette. For kontortilsette som sit mykje i telefonen, og som òg handterer konfidensielle samtalar, ser vi at det kan vere særleg krevjande å sitje i landskap.»
«Nokre av
dei tilsette er tilbydde å sitje i cellekontor når dei har arbeidsoppgåver som
tilseier dette. Bruk av støydempande hovudtelefonar/ordinære hovudtelefonar kan
òg bidra noko til betre tilhøve. Det er planlagt ei evaluering av bruken av
kontorlandskapet med tanke på å gjere justeringar. Den økonomiske situasjonen
og 'frys' i bygningsmessige tilhøve gjer det likevel ikkje mogleg å gjennomføre
store ombygginga.»