Stortinget
Raudt vil kjøpe tilbake 300 barnehagar. Det kan koste mange milliardar
Partiet Raudt vil at staten skal bla opp for å kjøpe hundrevis av barnehagar: – Vi vil ha slutt på sugerøyr i lommeboka til foreldra og skattebetalarane, seier stortingspolitikar Tobias Drevland Lund.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Eit svensk selskap overtok hundrevis barnehagebygg rundt om i heile landet. Eigedomsselskapet SBB kjøpte bygga til Læringsverkstedet og FUS i 2020 og 2021. Etter at renta gjekk opp og krona ned, har selskapet vakla. Og selt barnehagane vidare til eit Kanadisk oppkjøpsfond. Raudt vil ha barnehagane tilbake:
– Det er heilt feil at eit utanlandsk hedgefond skal eige barnehagebygg i Norge. Det meiner vi er hol i hovudet, seier Tobias Drevland Lund.
• Firedobla husleiga til barnehage etter sal

– Rev i hønsehuset
Stortingspolitikaren meiner det fellesskapet som skal eige:
– Barnehagar bør vere eigd av det offentlege eller ideelle. Aktørar som ikkje har til formål å bruke barnehageeigedom for å ta ut profitt og forteneste. Dette er eit resultat av noko vi har åtvara mot lenge og eit resultat av når ein slepp revane fri i hønsehuset, vil dei forsyne seg, seier Tobias Drevland Lund i Raudt.
Torsdag skal Stortinget seie ja eller nei til om dei ønsker å kjøpe tilbake norske barnehagar.

• Fekk offentleg subsidiar: Selde til utlandet for milliardar
Har tent milliardar ved hjelp av barnehagebygg
Fagbladet har avdekt korleis ein barnehage fekk firedobla husleiga si, etter at den blei selt til utlandet.
Fagbladet har også avdekt korleis eigarar av ei barnehagekjede betalte dobbelt husleige. Den doble husleiga betalte dei til seg sjølve. Og selde seinare barnehagane til utlandet for nesten 3 milliardar kroner til eit utanlandsk oppkjøpsfond. Kjedene FUS, Læringsverkstedet og Norlandia har selt bygga sine til utanlandske eigarar for til saman over 11 milliardar kroner.

• Sjekk om ditt barn går i utanlandsk-eig barnehage her
Selde og flytta til Sveits
Ein rapport gjort av BDO-analyse på vegner av Kunnskapsdepartementet viser at tre av fire barnehagekjeder bruker pengar som skal gå til drift, på husleige. Pengane var ikkje meint å gå til husleige, men tilsette i barnehagene, blant anna. Eigarane av Læringsverkstedet som selde 138 barnehagar til SBB for over 4 milliardar kroner, har no flytta til Sveits for å betale mindre skatt.
• Fekk barnehagetomter gratis eller billig frå kommunen, selde for milliardar til utlandet
– Eigedom har blitt sugerøyr
Drevland Lund i Raudt seier det er eigedom som har blitt den store måten for private å tene seg rike på barnehage:
– Og det synest vi i Raudt er tøys. Det er skattebetalarane sine pengar som har subsidiert tomtene, renter og lån til å bygge barnehagane, seier han og legg til:
– Høge husleiger på barnehage og sal av bygga til utlandet har vore og er sugerøyr i lommeboka til foreldre, skattebetalarane og barna. Det er dette vi vil hindre med å kjøpe tilbake bygga.
• Barnehage like lønsamt som olje
Trur samfunnet vil spare
Forslaget til Raudt om å kjøpe tilbake barnehagane er venta å få støtte av SV. Det vil sikre 21 stemmer, men er langt ifrå å få fleirtal. Drevland Lund viser til at i Sverige har Socialdemokraterna som er søsterpartiet til Ap foreslått å kjøpe tilbake barnehagane.
– Har de noko anslag på kva det vil koste staten å kjøpe tilbake barnehagebygga som har blitt seld til utlandet?
– Vi har ikkje eit fullt anslag på det. På sikt er dette noko samfunnet vil spare på. I staden for at barnehagebygga skal bli ein viktig profittledd, kan ein hoppe over dette leddet og sikre at alle pengane som vi betalar i skatt, går tilbake til drifta. At pengane går til gode tenester til barna, gode løns- og arbeidsvilkår for dei som jobbar der. Og ikkje til utbytte i utanlandske hedgefond.
• Slik blei 37 norske barnehagar verdt over ein halv milliard
Vil at bygga endar hos kommunane
Stortingsrepresentant Drevland Lund seier at dei ser for seg at staten kjøper barnehagane tilbake. Men, at på sikt er det kommunane som overtek bygga:
– Det viktigaste er at vi tek kontroll og at barnehagane kjem tilbake i offentleg regi. Og at det ikkje er eit eller anna hedgefond eller investeringsfond som vi ikkje anar kven er som eig barnehagane våre, seier Tobias Drevland Lund som er tidlegare leiar av Raud Ungdom.
• Sjekk kva barnehagen din brukar pengar på her
Har fått ut 16 milliardar frå barnehagane
Telemarksforskning har estimert at private eigarar har fått ut 16,8 milliardar kroner frå norske barnehagar i perioden 2014 til 2021. Sal av barnehagar er den største delen av verdiuttaket, på rundt 11,5 milliardar kroner.
– Det vil vere dei som meiner at det blir både feil og for dyrt for staten å kjøpe barnehagane tilbake. Kva seier du til det?
– Eg meiner at på sikt er dette ei investering i velferdsstaten vår. For å sikre at nettopp alle skattepengane vi betalar skal gå til eit godt barnehagetilbod. Og ikkje eit utanlandsk hedgefond, seier Drevland Lund som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på tinget.