Måtte stenge mottakssenter for rusavhengige: – Noko forhasta
Arbeidstilsynet meinte det var farleg for tilsette på rusmottak. Men dei tilsette sier at det generelt sett er trygt.

Kvar dag går opp mot 230 personar med rusproblem innom Prindsen mottakssenter, for å få reine sprøyter og å kunne sette dei og få hjelp. Om dei tek overdose.
Senteret har mellom anna brukarrom for rusinntak og akuttovernatting.
Tysdag stengde Arbeidstilsynet Prindsen mottakssenter for rusavhengige. Dei meiner det har vore for farleg for dei tilsette og krev tiltak etter eit tilsyn i september.
Ein av dei tilsette er Anders Burdal, som har jobba 14 år på Prindsen som miljøterapeut. Han er i tillegg plasstillitsvald for Fagforbundets 15 medlemmar på senteret.
– Eg tenkjer at det å stenge heile Prindsen er noko forhasta. Det er eit veldig drastisk tiltak og stort inngrep, seier Burdal.
• Oslo kommune set ned krisestab for å opne Prindsen mottakssenter for rusavhengige.
Laga gruppe for å trygge tilsette
Burdal seier at dei har sett i gang fleire tiltak i haust.
– Eg har vore med i ei gruppe med leiinga, tillitsvalde med teamleiarar og verneombod, og dessutan hovudverneombod. Vi har hatt fleire møter og jobba med risikovurdering særs grundig. Vi har sett i gang omfattande strakstiltak, seier han.

Han fortel at dei tilsette generelt opplever det som trygt å gå på jobb, men det er ikkje utan utfordringar i jobbkvardagen.
– Vi ser at det siste året har vore auka pågang på Prindsen mottakssenter. Vi jobbar med brukargrupper som er marginalisert og blant dei svakaste. Det er også noko utagering. Vi har opplevd auka konfliktnivå mellom brukarar. Vi ser også at nokre av brukarane opplevast dårlegare enn for ti år sidan. Rus-mønsteret har forandra seg dei siste ti åra.
• Arbeidstilsynet stengde rustilbod etter frykt for trygginga til dei tilsette.
– Sjeldan tilsette blir angripne fysisk
I fleire medieoppslag har det blitt vist til situasjonar med både vald og skytevåpen på Prindsen:
– Det verkar veldig dramatisk. Men det er slik at nokon av brukarane også har våpen på seg. Vi har minimumsbemanning på Prindsen. Det har ikkje blitt brukt våpen mot tilsette. I så fall er det ekstremt sjeldan.
– Det har vore episodar der tilsette har blitt utsett for fysisk utagering. Du har verbal utagering. Fysisk utagering kan skje. Vi har rutinar som gjer at det ikkje eskalerer. Vi prøvar å hindre fysisk utagering på best mogleg måte med dei ressursane vi har.
Burdal håpar nye tiltak vil gje rask opning:
– Eg håpar at det å innføre dei nye tiltaka vil gjere tryggare for tilsette å vere på jobb. Og at Prindsen kan opne igjen i god dialog med Arbeidstilsynet. Stenginga har store konsekvensar fordi det er ikkje andre brukarrom i Oslo, seier tillitsvald Burdal.
• Han har hjelpt fleire hundre rusavhengige i arbeid – No vil han dele metoden med fleire.