Kåring: Her er heiltidsvinnarane – og kommunane som heng etter
Kven tilbyr heiltid, og kven gjer det ikkje? Ny kartlegging frå Fagforbundet viser store skilnader for heiltidsutlysingar for helsefagarbeidarar.
Over 700.000 arbeidstakarar jobbar deltid i Noreg, og nesten halvparten av alle kvinner i arbeidslivet jobbar deltid.
Dette gjelder blant anna sju av ti av dei som arbeider turnus i helsevesenet.
Fagforbundet har i ei årrekke samla inn statistikk på stillingsutlysingar for helsefagarbeidarar, og om dei er deltid eller heiltid.
Bakgrunnen for analysen er å synleggjere kor store skilnadene er, og å vise at det faktisk finst kommunar som samarbeider godt med fagforeiningane – og som lukkast med heiltidskultur.
Fagforbundets analyseeining har gjort eit grundig analysearbeid i tala på utlyste stillingar i kommune-Noreg i 2025. Slik har dei kome fram til dei beste og verste kommunane på heiltidsutlysingar av helsefagarbeidarstillingar.
I Fagforbundets kåring av Heiltidskommunane 2025, kårast den beste og verste i tre kategoriar:
- Store kommunar (fleire enn 30.000 innbyggjarar)
- Mellomstore kommunar (mellom 5000 og 30.000 innbyggjarar)
- Små kommunar (færre enn 5000 innbyggjarar)
Vinnarane
- Ringerike, Buskerud (stor)
- Sunndal, Møre og Romsdal (mellomstor)
- Aukra, Møre og Romsdal (liten)
Ringerike:
– Heiltidsarbeidet har hatt mykje merksemd her i fleire år. Me har innført årsturnus, mesteparten av vikarbudsjettet er tatt inn i driftsbudsjettet og me brukar ikkje vikarbyrå. Helgebelastninga er stort sett jamt fordelt, uansett yrkesgruppe og dei fleste tilsette har så stor stilling som dei ynskjer, seier Fagforbundets leiar i Ringerike, Bente Anita Bråthen, til Fagforbundet.
Sunndal:
– Me har jobba systematisk for å få på plass meir heiltid; med årsturnus, moglegheit for langvakter og å ta fagbrev på jobb. Me er veldig stolte av det me har fått til, seier Fagforbundets leiar i Sunndal, Beate Eikrem, til Fagforbundet.
Aukra:
– Dette er ei stor anerkjenning av jobben me har gjort, og resultat av eit godt samarbeid med kommunedirektør, fagforeiningar og lokalpolitikarar. Det har vore eit målretta arbeid, seier Fagforbundets leiar i Aukra, Berit Cesilie Huse, til Fagforbundet.
På botn
- Halden, Østfold (stor)
- Råde, Østfold (mellomstor)
- Ringebu, Innlandet (liten)
Halden:
– Det er uheldig at så mange stillingar framleis lysast ut som deltid. Heiltidserklæringa som vart signert 24. januar 2022 av ordførar, HR, kommunedirektør og fagforeiningane har ikkje gitt nok resultat før det siste halvåret, kor me endeleg opplever ein reell vilje til å tilsette i heile stillingar, seier Fagforbundets leiar i Halden, Veronica Lyseto Vang, til Fagforbundet.
– Det er positivt at nokre 100 prosent-stillingar no har vore lyst ut internt, og at årsturnus bidreg til større stillingsbrøkar. Kommunens minimale bruk av bemanningsbyrå er også eit viktig steg. Samstundes held Fagforbundet fram med å sende inn mange krav om faste og auka stillingar for medlemmar som jobbar meir enn stillingsprosenten sin, legg ho til.
Råde:
– Både me og administrasjonen i kommunen jobbar mykje med å jekke opp stillingar, slik at folk får større eller heile stillingar. Stillingane som vert lyst ut som deltid kan forklarast med at det er helgestillingar som blir ståande att når større vakante stillingar blir fordelte på deltidsansatte, som allereie har helg i sin turnus, seier Fagforbundets leiar i Råde, Sissel Oshaug, til Fagforbundet.
Ringebu:
– I Ringebu blir det jobba aktivt med heiltidskultur, slik at tilsette i små stillingar skal få moglegheit til større stillingar når dei ønskjer det. Det pågår eit arbeid med å slå saman små stillingar, men utfordringa i mange av deltidsutlysingane handlar framleis om bemanning av helgevakter, seier Fagforbundets hovudtillitsvalde i Ringebu, Anne-Mette Morken, til Fagforbundet.
– I samarbeid med arbeidsgivar har me sett på ulike turnusordningar, blant anna årsturnus og langvakter. Det blir no vurdert om desse ordningane skal takast i bruk fleire stader. Per i dag er det berre ved ein arbeidsstad me har langvakter, legg ho til.
Bekymra
Fagforbundets leiar er bekymra, men stolt av dei kommunane som har lukkast.
– Vår kartlegging viser at om du er helsefagarbeidar og skal flytte, ønskjer å bytte jobb eller er nyutdanna, skal du vere heldig om du finn ei heiltidsstilling, seier Helene Harsvik Skeibrok, leiar i Fagforbundet, til Fagforbundet.
Sjølv om det framleis er mykje deltidsstillingar, er det også nokre kommunar som utmerkar seg positivt.
– Samtidig ser me at det er fleire kommunar som berre lyser ut heiltidsstillingar. Med denne kåringa og oversikta kan både folkevalde, arbeidsgjevarar og tillitsvalde bli inspirerte til å jobbe for at fleire stillingar blir lyst ut som heiltid, seier Skeibrok.
Deltid er ein belastning
– Medlemmene våre fortel at det er belastande å ikkje få heile stillingar. Det er slitsamt og uføreseieleg å alltid måtte vere klar for å ta ein ledig vakt. Verken kvardagar eller helger kan planleggast, og mange fortel at dei alltid står til arbeidsgjevars disposisjon. Denne mangelen på føreseielegheit går også utover pasientar og brukarar som må forhalde seg til unødvendig mange tilsette, fortel Skeibrok.
Fagforbundet har i ei årrekke jobba systematisk for å etablere ein heiltidskultur for medlemmene sine. Eit arbeid som har føregått i kontakten med arbeidsgjevarane på nasjonalt nivå, i kommunane og på den enkelte arbeidsplass.
Trass i dette, ser ein at det framleis er ei deltids-krise som rammar medlemmene av Fagforbundet, samt brukarane av velferdstenesta.
– Det er eit paradoks at ein på den eine sida seier at det trengst fleire folk, det blir oppfordra til å søkje seg til helsetenestene, og ikkje minst bli verande. Samtidig blir helsefagarbeidarar i stor grad tilbydde deltidsstillingar, legg Skeibrok til.