Her er seks gode grunnar til å bli helsefagarbeidar

Bolette Grov (18) og Oline Nordhus (18) fortel kvifor dei synest det er så kjekt å vera lærlingar i helsefag.

KJEKT: Bolette Grov (18) og Oline Nordhus (18) fortel Luna Isdal kor kjekt det er å jobba som helsefagarbeidar under Utdanningsmessa i Sunnhordaland.
KJEKT: Bolette Grov (18) og Oline Nordhus (18) fortel Luna Isdal kor kjekt det er å jobba som helsefagarbeidar under Utdanningsmessa i Sunnhordaland.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Artikkelen blei trykka først hos Framtida.no

– Å vera helsefagarbeidar er kjekkare enn eg hadde håpt, seier Oline Nordhus. Ho får støtte frå Bolette Grov.

18-åringane byrja i haust som lærlingar i Stord kommune. Oline Nordhus jobbar på døgnavdelinga på legevakten ved Stord sjukehus og Bolette Grov jobbar i eininga for habilitering for folk med utviklingshemming.

Rekordmange lærlingar

Stord kommune tok inn 25 lærlingar i haust, noko som er ny rekord.

Lærlingane skryt over oppfølginga frå kommunen.

– Me blei godt informert på førehand, seier Oline Nordhus.

– Viss me lurer på noko, er det berre til å ringa kva tid som helst, seier Bolette Grov.

Også i heile landet er det rekordmange lærlingar. I 2017 var det 76,9 prosent av søkarane med ungdomsrett som fekk godkjent lærekontrakt innan helse- og oppvekstfag.

Totalt blei det gjeve 3846 lærekontraktar i helse- og oppvekstfag i 2017, ein auke på 339 sidan året før.

Silje vil være en rågod helsefagarbeider – lei av alt maset om videreutdanning

Mogleg å gå vidare på sjukepleie

Oline Nordhus vurderer om ho skal ta sjukepleie etter ho har tatt fagbrevet, eller om blir verande fagarbeidar.

Fleire sjukepleieutdanningar har opna for å ta inn studentar med fagbrev i helsefag, så lenge ein har karakteren tre i matte frå VG1.

– Det er gull verdt å ha praksisen som fagarbeidar. Det hjelper deg på mange måtar når ein vil gå vidare på høgskule, seier Siv Nesse, lærlingkoordinator i Stord kommune.

Vil velja trygt

Sunniva Risnes går andreåret på helsefag på Fitjar vidaregåande.

– Ein må tenkja på kvar ein får jobb, og korleis ein kan sikra framtida si. Det er difor eg tar helsefag, seier ho, og legg til at ho likar å jobba med menneske.

På sikt håpar ho å ta sjukepleieutdanning.

Grønt lys fra Stortinget til helsefagarbeidere som vil bli sykepleier

Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil det vera behov for kring 58000 fleire helsefagarbeidarar og 28000 fleire sjukepleiarar innan 2035

Powered by Labrador CMS