Tilsyn varslar million-krav etter barnehage-kontroll
Forbundstoppen om private barnehagar: – Ein heime-åleine-fest som må granskast
Leiaren av Fagforbundet krev gransking av kvar einaste barnehage som er selt til utlandet. Hundrevis av barnehagar har blitt selt til utlandet for 11 milliardar kroner. – Eit kommersielt sirkus, seier Mette Nord.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det blei nyleg kjent at staten varslar at dei vil krevje tilbake nesten 40 millionar kroner frå eigarane av Læringsverkstedet etter kontroll av tre barnehagar. Til saman blei over 130 Læringsverkstedet-barnehagar selt til utlandet i 2022. Mette Nord som er leiar av det største forbundet i LO meiner at Utdanningsdirektoratet må sjå på alle sal av norske barnehagar til utlandet:
– Det er ikkje berre Læringsverkstedet som har selt unna eigedommar og bygd seg opp formuar på tenester som fellesskapet har betalt. Det er stor grunn til å tru at mange kommersielle kjeder har brukt mindre pengar på kompetanse, bemanning og opningstider som følge av det, seier Mette Nord.
Læringsverkstaden avviser at dei har prisa bygga feil og seier dei har følgt lovene. Les meir om det her.
• Barnehage fekk husleiga firedobla etter sal til utlandet

Nord: – Høg husleige = barnehagemilliardærar
– Glem utbytte og overskot. Dei store pengane og profitt på barnehage har skjedd ved hjelp av grep gjort med barnehagebygg, seier Mette Nord. Milliard-profitten har kome ved å leie ut bygg til seg sjølve. Og seinare sal av bygga til utanlandske oppkjøpsfond. Ho forventar no at Utdanningsdirektoratet og tilsynet kontrollerer og granskar fleire barnehage-sal:
– Det vi har sett er at eigarar av barnehage-kjeder har laga eigedomsselskap der barnehagane må betale skyhøge husleige. Og at det har blitt teke ut pengar gjennom fleire kanalar og system, seier fagforeiningsleiar Nord.

• Slik blei 37 norske barnehagar verd ein halv milliard

– Barnehage har blitt kommersielt sirkus
Nord seier at den nye barnehagelova vil gje fellesskapet meir kontroll over det ho kallar «heime-åleine-festen»:
– Det har blitt eit kommersielt sirkus av det heile. For meg ser det ut som det har vore årevis med ein heime-åleine-fest blant dei kommersielle kjedene. Det er på høg tid at det blir innstrammingar og kontrollar som får konsekvensar for eigarane, seier Nord.
Ho kallar det at tilsynet varslar krav om tilbakebetaling, eit vegskilje innan barnehage. Fram til no har kjøp og sal av barnehagebygg med høge leigeprisar vore vanleg. Blir det førebelse kravet ståande, kan det få milliard-konsekvensar for Læringsverkstedet og andre kjeder som har blitt selt til utlandet.
• Brukte barnehagepengar på BMW og VIP-billettar
Ap varslar strengare linje
Elise Waagen er utdanningspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet og andre nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho er og kritisk.
– Barnehagar skal ikkje vere spekulasjonsobjekt. Dei er til for barna, og milliardane staten brukar på barnehage må gå til barna, seier Waagen.

• Barnehagemilliardærar flytta til Sveits
Lei av høg leie
Waagen og Ap seier at dei vil ha slutt på høge husleiger blant kommersielle barnehagekjeder:
– Generelt veit vi at kommersielle barnehagekonsern har teke ut gevinstar på eigedomssal, og brukar offentleg tilskot på dyrare leie for lokale dei tidlegare eigde. Nettopp difor treng vi eit oppdatert regelverk som gjev betre kontroll med at offentlege pengar og foreldrebetaling kjem barna til gode, seier Waagen.
• Fekk gratis tomt av kommune: Selde til utlandet
Strengare krav til innsyn om pengebruk
Waagen viser til at etter Ap kom i regjering har dei innført strengare krav til rekneskap og innsyn i kor pengane tek vegen. No vil Ap også ha strengare krav som skal få slutt på overprisa leie:
– For å hindre at barnehageeigedom blir reine spekulasjonsobjekt, vil vi få på plass meir treffsikre og nøkterne tilskot på eigedom. Difor foreslår regjeringa at dagens nasjonale kapitaltilskot blir erstatta med eit eigedomstilskot som kommunen fastset.
• Over 300 norske barnehagar eigd i utlandet
Slutt på dyre luksusbilar
Det har blant anna blitt avdekt at pengar som skulle gå til barnehagedrift, har enda opp i dyre luksusbilar brukt av eigarane:
– Vi vil også stille strengare krav til barnehagane bruk av tilskot. Barnehagar skal for eksempel ikkje kjøpe inn dyre firmabilar eller hytter for tilsette, slik enkelte tilsynssaker har vist. Nytt forslag til regelverk er no ute på høyring. Eg ser fram til å få saka til Stortinget, seier Waagen.
• Betalte husleige til seg sjølve og blei milliardærar