Dagens delegat:

– Fellesskapet løyser oppgåvene best

– Ingen er sterkare enn det svakaste leddet. Vi må gå i lag. Gjer me feil, må me rette det opp. Då blir laget sterkt, og me finn løysingar i lag, sier dagens delegat Janne Alette Fugle.

VIKTIG: – For meg er det viktig at alle innbyggjarane får same, gode tenester uansett kor dei bur, seier Janne Alette Fugle.
Publisert Sist oppdatert

–  Har du ei hjartesak?

Dagens delegat: Nr. 192 Janne Alette Fugle, Vestland

  • Alder: 48 år
  • Yrke: Barnehagelærar
  • Bustad: Førde i Sunnfjord kommune

– For meg er det viktig at alle innbyggjarane får same, gode tenester uansett kor dei bur. For å få gode barnehagar, skular og helse må fellesskapet gje det. Lommeboka skal ikkje avgjere kor gode tenester du mottek.

– Kva håp har du for dette landsmøtet?

– Ingen er sterkare enn det svakaste leddet. Vi må gå i lag. Gjer me feil, må me rette det opp. Då blir laget sterkt, og me finn løysingar i lag.

– Kva er viktigast at Fagforbundet får til framover?

– At vi stakar ut ein politikk som sikrar gode offentlege tenestene. Fagforbundet må vere eit talerøyr for oss og påverke politikarane slik at dei betrar kommuneøkonomien. Eg kjem frå eit fylke med bratte fjell og djupe fjordar. For at vi skal kunne bu og arbeide der, er det ikkje nok med låg studiegjeld og billig barnehage. Me treng også å få overført nok midlar til å sikre vegane.

– Korleis tykkjer du landsmøtet har vore så langt?

– Veldig bra med god og positiv stemning.

Powered by Labrador CMS