Fagforbundet sponsar bok til alle på Stortinget

Alle på Stortinget fikk ein julegåve fra investor Jan Petter Sissener: Boka om at den norske staten er for rik. Før sommarferien får politikarane ein gåve frå Fagforbundet: «Motboka» som seier vi tvert imot har for mange rikingar.

JULIGÅVE: – Norske milliardærar og velferdprofitørar puttar uante millionar inn i den norske valkampen. For å kjøpe seg si regjering, seier forskar Ola Innset. No vil Fagforbundet at boka hans skal bli pensum på Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Har staten gått i oljefella, blitt for rik og sløsar utan å skape? 

Eller er ein rik stat bra og problemet er for mange milliardærar som kjøper seg politisk innflytelse? 

I sommar kan stortingspolitikarane fordjupe seg i dette, etter at Fagforbundet har blitt boksponsor.

For mange rikingar?

Ola Innset har doktorgrad i historie og jobbar ved Universitetet i Oslo. 

Det er boka hans, eller rettare sagt motboka han har skrive, som no blir delt ut:

– Det at fellesskapet har fått pengar skal ifølge historiefortellinga til ein del på høgresida gjere oss late og dumme. Men, at dei aller rikaste blir stadig rikare - me har snart 500 milliardærar i Norge - det er liksom ikkje noko problem i heile tatt. Fordi det er private pengar og det er bra. Det premisset vil eg gjere noko med, seier han.

Boka hans har fått navnet «Kampen om Verdiene: Om velferdsstaten og landet som fikk for mange rike».

Fryktar kutt i velferd 

Helene Skeibrok er nestleiar i Fagforbundet og har bakgrunn som omsorgsarbeidar frå heimesjukepleia. 

Ho seier dette om korfor Fagforbundet kjem med bok-gåve:

PÅ PLASS: Helene Harsvik Skeibrok i godstolen på sitt nye kontor i hovedstaden.

– Høgresida ønskjer ofte å bygge ned velferdsstaten. Vi ønsker å synleggjere kva som står på spel. Difor har vi i Fagforbundet gått til innkjøp av boka «Kampen om verdiene» for å sørge for at stortingspolitikarane også får lese denne versjonen. Vi synest jo Ola Innset har ei god beskriving i si bok om kvifor den norske velferdsstaten er viktig, seier Skeibrok.

Fagforbundet-nestleiaren seier verken ho eller hennar medlemmar har sett noko til den bugnande offentlege pengebingen:

– Eg kjenner meg ikkje att i det biletet av ein offentleg sektor som esar ut og blir lat og feit. Men vi skal heller ikkje påstå at alt er perfekt. Våre medlemmar i helse, barnehage og SFO melder om at dei er for få folk på jobb. Det handlar ikkje om overflod – tvert imot, seier Skeibrok som gjerne tek ein debatt om utvikling og fornying av offentleg sektor.

For lite skaping?

Jan Petter Sissener er fondsforvaltar og har jobba innan finans og investering sidan 1980-talet. 

INVESTOR: Jan Petter Sissener.

Det var han som før jul i fjor kjøpte inn ei bok til alle stortingsrepresentantar og statsrådane: Martin Bech Holte si mykje omtalte «Landet som ble for rikt – Hvordan Norge endte i Oljefondets felle»:

Hovudpoenga i boka til Bech Holte, ifølgje Sissener:

  • Offentleg sektor er altfor stor og berre fortset å ese ut. 
  • Forandringar i folketal gjer at færre menneske skal betale for den offentlege sektoren. 
  • Videre at Norge ligg på botnen i nyskaping i Europa, på botnen i vekst. 

Sissener seier han gledar seg til å lese boka til Innset i sommar og ser fram til debatten.

Sissener har stemt Høgre og samtidig støtta Sp med pengar. 

Investoren seier han er glad i velferdsstaten og ikkje vil kutte i den. Han meiner blant anna at lærarlønningane må doblast og at berre inntekt over 400.000 kr skal skatteleggast. 

Det Sissener vil ha kutt i, er det han meiner er hinsides dyre offentlege prosjekt. Som bygging av t-banetunnel i frå Oslo sentrum til Fornebu. Den er spådd å koste rundt 30 milliardar kroner.

Han trekkjer også fram det nye regjeringskvartalet som er estimert å koste 50 milliardar kroner:

– Det finst ingen synspunkt blant norske politikarar på kva vi skal leve av. Dit vi går no greier vi ikkje å oppretthalde velferdsstaten. Det som skremmer meg mest er at alle opptekne av å bli innvalde. Vi må ha politikarar som har tiårsplaner, seier Sissener. 

Han er sterkt kritisk til formueskatt, som han meiner vil føre til at stadig mindre av Norge vil bli eigd av folk busett i landet.

Fryktar «milliardær-adel»

Forfattar Innset, på si side, er uroa over at vi skal få ein slags adel i Norge: Milliardær-arvingar. Som kjøper seg politisk makt:

– Fleire sosiologar peikar på at ulikskapen i Norge har nådd nye høgder. Det er grunna at dei rikaste har drege ifrå voldsomt. Norge er ikkje eit verstingland, men me kan sjå korleis det står til i USA. Der har du verda sine rikaste som på ein måte har fått kjøpt seg sin president. Samtidig har norske milliardærar og velferdprofitørar som puttar uante millionar inn i den norske valkampen. For å kjøpe seg si regjering. Det er ikkje like ille som i USA, men utviklinga går i same retning, seier Innset. 

Han peikar på at sju av dei ti rikaste i Norge er arvingar.

 

 

Powered by Labrador CMS