Er du Fagforbundet-medlem i skulen? Dette må du passe på under lærarstreiken
Ikkje gjer oppgåvene til lærarane, protester om du er ueinig, men unngå ordrenekt. Det er råda frå Pål Skarsbakk som leiar lovavdelinga i Fagforbundet.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Over 3000 lærarar streikar ved skular over heile landet. Fagforbundet har mange medlemmer i skuleverket. Pål Skarsbakk er leiar for LO kommune og leiar for lov- og avtaleverk i Fagforbundet. Han fortel kva som vil skje om lærarane vinn streiken litt lenger ned i artikkelen. Og han deler kva det er viktig at Fagforbundet sine medlemmene passar på under streiken.
• Eig du hus i sør kan straumen koste 33.000 kr i månaden
Kan hamne i gråsoner
Skarsbakk i Fagforbundet seier det viktigaste medlemmane gjer, er å ikkje gjere læraroppgåver:
– Medlemmane må passe på at dei ikkje overtek jobben og arbeidsoppgåver til dei som er i streik.
– Kva slags gråsoner kan medlemmane hamne i?
– Det kan vere ved disponering av folk og spørsmål om kva som kan gjerast. Undervisning er uaktuelt, seier han.

• Ein av fem i vikarbyrå jobbar i skule eller barnehage
Er du i tvil: – Spør tillitsvalt
– Kva skal medlemmane i skuleverket gjere om dei er i tvil?
– Det er viktig at dei aktiv seier ifrå at dette er eg ueinig i, men dei gjennomfører jobben. Om ikkje kan det vere ein ordrenekt. Det har konsekvensar.
– Er det nokon plassar medlemmane kan gå til med spørsmål?
– Ja, då kan medlemmane gå til det nærmaste tillitsvalt, som igjen kan gå til kompetansesenteret med spørsmål.
• Gründer i barnevernet: Tiltalt for å kjøpe seg fri frå overgrep-skuldingar
Kan bli nye store rundar med forhandlingar
Om KS, som er kommunanes interesse og arbeidsgjevarorganisasjon, går med på lærarane sine krav, vil det opne døra for mange andre nye pengekrav:
– Det er ein reforhandlingsklausul i protokollen med KS om andre får meir. Då skal vi sette oss ved forhandlingsbordet, og då opnar vi for forhandlingar igjen.
– Så om lærarane vinn fram, blir det ei ny runde med forhandlingar og krav frå Fagforbundet?
– Ja, slår Skarsbakk fast.