Ingen ny IA-avtale:

Desse yrka vil bli hardt ramma dersom sjukelønna vert kutta

Frisørar, bussjåførar, tilsette i barnevern, rusomsorg og psykiatri er blant dei som kan tape inntekt. Sjekk om du er blant dei som vil miste pengar viss det kjem sjukelønnskutt.

SVIR: I Sverige svir det i lommeboka om du blir sjuk. Der blir du trukke i løn den første dagen dur er vekke frå jobben. NHO og Oslo Frp ønskar det same i Norge.
SVIR: I Sverige svir det i lommeboka om du blir sjuk. Der blir du trukke i løn den første dagen dur er vekke frå jobben. NHO og Oslo Frp ønskar det same i Norge.
Publisert Sist oppdatert

Kva betyr det for deg at det er brot i forhandlingane i IA-avtale? Vi er eit steg nærare kutt i sjukelønna, meiner LO.

Dei trur at utan IA-avtale og om Høgre og Frp får fleirtal saman med Venstre til neste år, vil dette skje: At alle tre partia etter valet torer å seie høgt det dei eigentleg meiner, sjukelønnskutt.

Slik vil eit eventuelt kutt ramme:

– Er du Fagforbundet-medlem og jobbar i det offentlege vil du ikkje bli ramma av sjukelønnskutt. Det er fordi det er avtalt med KS og helseføretaka blant andre at det skal vere full sjukelønn i tariffavtalen.

Disse yrkene kan ikke få kutt i sykelønna

– Dei som jobbar privat, vil få reduksjon i sjukelønna, om det blir fleirtal for kutt, seier Pål Skarsbak som er leiar av Lov- og avtaleverksavdelingen i Fagforbundet. Rundt 1,9 millionar jobbar i privat sektor i følge tal frå SSB.

KRITISK: Pål Skarsbak, daglig leiar av LO Kommune og Lov- og avtaleavdelinga i Fagforbundet er kritisk til at NHO braut forhandlingane om IA-avtalen.
KRITISK: Pål Skarsbak, daglig leiar av LO Kommune og Lov- og avtaleavdelinga i Fagforbundet er kritisk til at NHO braut forhandlingane om IA-avtalen.

Sjekk kven som er garantert full sjukelønn her.

Frå kino til asylmottak

I utkastet til partiprogram for neste stortingsperiode opnar Frp for å «i større grad ansvarliggjere den enkelte arbeidstakar ved korttidsfravær». Det har vorte tolka som ei vidareføring av eit gamalt forslag støtta blant anna av Oslo Frp, som har gått inn for at om du blir sjuk, blir du trekt i løn den første dagen. Dette er det som er kalla karensdag, slik det er i Sverige.

Sjekk kva parti som i dag seier høgt at dei vil kutte i sjukelønna her.

Ein av dei store avtalane i det private som ikkje har vern mot sjukelønnskutt er NHO Avtale 453. Det dreier seg om privat barnevern, rusomsorg, kinoar og asylmottak blant anna.

Sjekk lista over yrkesgruppene som vil få sjukelønnskutt nedst i saka.

Utan tariffavtale kan det bli sjukelønnskutt

Jobbar du på ein plass som ikkje har tariffavtale, blir det også kutt i sjukelønna, om det blir nytt stortingsfleirtal som vil forandre Folketrygda og kutte i sjukelønna. Full løn under sjukdom er ein LO-seier frå 1978.

DOBBELT TAP: Frisørar vil miste både provisjon og sjukeløn om det blir kutt.
DOBBELT TAP: Frisørar vil miste både provisjon og sjukeløn om det blir kutt.

Nye tal: Difor er folk langtidsjukemelde

– Risikerer å måtte flytte

Ingunn Jacobsen er leiar av Yrkesseksjon samferdsel og teknisk – som organiserer rundt 2000 frisørar i Fagforbundet.

Ho seier at karensdag vil ramme frisørar spesielt. Dei får ofte betalt etter kor mange dei klipper, har i utgangspunktet låg løn og er utsett for slitasjeplager:

– Frisørar går ofte på jobb med plager og bit tennene saman. Heilt til dei ikkje maktar meir og blir langtidsjukemelde, seier Jacobsen.

RAMMAR SKEIVT: Ingunn Jacobsen i Fagforbundet meiner spesielt lågtløna og dei som ikkje kan jobbe på heimekontor blir spesielt ramma av kutt i sjukeløna. Arkivbilete.
RAMMAR SKEIVT: Ingunn Jacobsen i Fagforbundet meiner spesielt lågtløna og dei som ikkje kan jobbe på heimekontor blir spesielt ramma av kutt i sjukeløna. Arkivbilete.

Fagforbundet-tillitsvalde Jacobsen seier at sjukelønnskutt vil tvinge medlemmer til å måtte flytte:

– Blir det karensdag, vil veldig mange av våre medlemmar få store økonomiske problem. Dei vil ikkje ha god nok inntekt til at dei kan oppretthalde forsvarlege liv. Dei vil måtte flytte fordi dei ikkje har råd til å bu, blant anna, seier Jacobsen.

Fagforbundet trur NHO, Frp, Høgre og Venstre vil gå saman om sjukelønnskutt

Enkelte unntak

Pål Skarsbak seier at enkelte sektorar og yrkesgrupper i det private har tariffavtale som garanterer full sjukelønn.

Dette gjeld blant andre tilsette i PBL-barnehagar, sekretærar på fastlegekontor og truleg tilsette i NHO-barnehagar.

Samtidig vil dei som ikkje er med i fagforeiningar bli spesielt hardt ramma.

– Sektorar som er uorganiserte, har lågare løn enn dei som har tariffavtale. Slik vil kutt i sjukelønna slå dobbelt så hardt for dei som ikkje er organiserte, seier Skarsbak.

Enkelte arbeidsplassar kan ha lokal tariffavtale som garanterer full sjukelønn. For å finne ut om du har lokal avtale, ta kontakt med næraste tillitsvald.

Sjå om du får sjukelønnskutt her

Sjå om du får sjukelønnskutt her

Denne lista gjeld Fagforbundet-medlemmer med tariffavtale som ikkje garanterer sjukelønn.

• Bussjåfør.

• Brukarstyrt personleg assistent, BPA.

• Privat sjukeheim.

• Privat rehabilitering.

• Tannhelsesekretærar.

• Frisørar.

• Private omsorgsbustader.

• Privat rusomsorg.

• Privat barnevern.

• Frelsesarmeen.

• Blindeforbundet.

• Hudpleiarar.

Utanfor Fagforbundet sitt område:

• Dei fleste privat tilsette i alt frå bygg og anlegg til sal og service.

Powered by Labrador CMS