Sissel M. Rasmussen
Sjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus
Årets 1. mai skal eg feire på jobb på Haukeland universitetssjukehus. Det vert rart. Eg er vand med å gå saman med arbeidskameratar i tog, men året i år vert som i fjor – ein slags unntakstilstand. Det vart òg min tur å halde velferdsstaten i gang i år. Noko av det me har kjempa for.
Alt det rare til trass – 1. mai er stadig viktig. Me som jobbar i sjukehusa, er slitne. Ikkje av stadige covid-19 tiltak – dei er blitt kvardagslege, men av fokus på økonomi og effektivitet over kvalitet. Me får regjeringas «avbyråkratisering og effektiviseringsreform» (ABE) trødd ned over hovudet. ABE er berre kode for ostehøvelkutt. Samstundes må me òg spare pengar for å kunne ha råd til å investere i nytt utstyr og oppgradering av bygg.
Heile opplegget baserer seg på ei total misforståing av korleis helsetenesta fungerer. Me som jobbar i pleia, jobbar ikkje ved eit rulleband. Det handlar ikkje berre om å få folk gjennom så fort som mogleg. Det handlar om sjuke menneske. Menneske i krise. Menneske som ikkje berre treng ei nål i armen og ein slange med cellegift, men òg ei hand å halde i og nokon å prate med. Omsorg tek tid. Omsorg kan ikkje effektiviserast. Omsorg er viktig.
Me er mange som er på jobb for å få sjukehusa til å gå rundt. Pleiepersonell, reinhaldarar, portørar, sekretærar, legar, bioingeniørar … Lista er så lang at det ikkje er mogleg å nemne alle. Men me er alle på jobb for ein ting: å sikre gode tenester til pasientane. Å sikre helsa. Å gi omsorg.
Det er alltid nokon av oss på jobb. Velferdsstaten søv aldri. Han stiller opp. Og velferdsstaten – det er oss alle. Men me er slitne. Me gjer absolutt alt for at pasienten ikkje skal vere den som lir under det evinnelege effektivitets- og innsparingsfokuset. Men det er ei tung byrde å bæra.
No treng me endring, og eg har store håp om at det vil me få til hausten. Litt meir tid til omsorg. Litt mindre tid til budsjettkutt og «effektivisering». Litt meir fokus på faglege avgjersle over økonomiske. Me treng politikarar som forstår og høyrer på oss.
Eg skulle gått i tog i år. For pasientane, fagfolka og oss alle si skuld. Men det kan eg ikkje. Då gjer eg det nestbeste: Eg går på jobb og held velferdsstaten i gang.
SOLIDARITET: – Vi krever at det tas solidariske grep, sier leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet.
Ida Bing
MER TIL FLER: Alle foreldre med barn under 18 år får en økt ytelse fra 1. mai.
Mats Løvstad
SPARER IKKE SELV: – Det er vel typisk kvinner det, sier Ruth Petersen.
Eivind Senneset
UTENFOR: Nicolay Hellestø mener Fagforbundet og LO må kreve en mye sterkere statlig styring av markedet enn i dag.
PRIVAT
BLE IKKE ENIGE I FORHANDLINGENE: – Kommunesektoren er avhengig av hele laget av ansatte. Derfor har vi vært tydelig i vårt krav om at de også skal sikres økt kjøpekraft i årets oppgjør, sier Mette Nord.
Alf Ragnar Olsen
Martin Guttormsen Slørdal
Privat
Sissel M. Rasmussen
Privat