Colourbox.com
Eg føler at «å setta alle i same bås» er riktig uttrykk for korleis media presenterer eldreomsorgen i Noreg.
Opptil fleire gongar i veka kjem media ut med saker om kor dårleg eldreomsorgen i Noreg er, og ein får inntrykk av at ingen eldre har det godt i eldreomsorgen. Det er sjølvsagt mykje som må endrast på, men slik vil det alltid vera. Det kjem alltid krav om endringar, samtidig som det vil vera eit større og større krav om kompetanse og tilbod. Er det ikkje på tide at eldreomsorgen får nokon godord i media?
• Her står byråden i puben på et kommunalt sykehjem
Det vert sagt at det er alt for få nyutdanna sjukepleiarar som ynskjer å jobba i eldreomsorgen. Ein ynskjer heile vegen å rekruttera til denne delen av helsevesenet, men kor lett er dette når media går ut med nye saker minst ein gong i veka? Det er flott at eldreomsorgen får fokus i media, men når det berre kjem fram negative hendingar, verkar det mot si hensikt – gjer det ikkje? Eg skjønar godt at det kan verka lite freistande å byrja å jobba i eldreomsorgen, når det vert fokusert på så mykje negativt – så ofte.
• – Private sykehjem og asylmottak genererer millioner til private formuer
Eg for min del har heilt sidan eg bestemte meg for å verta sjukepleiar vore klar på at det er eldreomsorgen eg vil jobba i.
Dette er ikkje takka væra media og alle dei «skrekkhistoriane» dei kjem med, men derimot gleda eg ser på arbeidsplassen min. Alle dei utruleg flinke pleiarane som verkeleg gjer sitt beste for å gi dei eldre ein fin dag trass ulike lidingar. Alle dei flotte tiltaka som vert sett i gong for at pasientane skal få meir glede i kvardagen. Og sist men ikkje minst; det gode samspelet mellom pleiarar og dei eldre.
Det er så utruleg mykje bra som vert gjort i eldreomsorgen, som verkeleg hadde fortjent merksemd! Så kjære media, det er på tide å sjå seg rundt: Det er så mykje de går glipp av!
Dette innlegget var først publisert på Facebook og er publisert med samtykke frå forfattaren. Framtida.no har og publisert saka.
Ragnhild Prestbø (22) trur negativ mediemerksemd skremmer unge frå å satsa på eldreomsorg.
Eg for min del har heilt sidan eg bestemte meg for å verta sjukepleiar vore klar på at det er eldreomsorgen eg vil jobba i.
Pensjoner og trygder i Norge blir endret i mai hvert år. Mange lurer på hvor mye uføretrygda øker.
Hanna Skotheim
Per Flakstad
HELE LAGET: – Det har vært viktig for LO Kommune å sikre at hele laget får et godt lønnsoppgjør, ikke bare enkeltgrupper, sier Mette Nord.
Per Flakstad
PEKER PÅ DE MEST LAVTLØNTE: – Alle pensjonister må få en inntekt som er tilstrekkelig til å leve verdige liv, sier Mette Nord.
Per Flakstad
VIL OPP: De to første lønningene fra nyjobben gikk i stor grad med til å betale regninger og inkassokrav, forteller Malin Sandvik Bergdal.
Glen Musk
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø