JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

MENINGER

I dag feirar vi usynlege, men kritisk viktige fagfolk

2024041009571620240410095827

colourbox

Helsevesenet har mange heltar. Nokre av dei er det ikkje sikkert at du kjenner til. I dag vil vi heidre ei gruppe.

Leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Har du høyrd om sterilforsyningsteknikarar? Mange har kanskje ikkje det, og er ikkje klar over kor sentrale dei er i drifta av sjukehusa våre. Du har aldri ein time hos ein sterilforsyningsteknikar. Dei møter deg ikkje i døra. Det er ikkje sikkert du går forbi ein i gangane på sjukehuset heller, men for at du skal vere trygg på sjukehuset treng du at sterilforsyningsteknikarane går på jobb.

Deira hovudoppgåve er å sikre at utstyr er skikkeleg sterilisert og klargjort til bruk. For at du skal vere trygg når du skal gjennomføre ein prosedyre på sjukehuset er dette kritisk. Feil kan resultere i alvorlege infeksjonar. 

Infeksjonar er ein av dei største farane i helsesektoren. Infeksjonar i til dømes operasjonssår kan gje alvorlege komplikasjonar og øydelegge for at såret gror. Fagleg forsvarleg handsaming av operasjonsutstyr er difor heilt avgjerande. Det er slikt sterilforsyningsteknikarane er ekspertar på.  

Fagforbundet ynskjer å synleggjere sterilforsyningsteknikarane. Difor meiner me i Fagforbundet at sterilforsyningsteknikarane fortener ein eigen dag! Valet på dato var ikkje vanskeleg, 10. april er allereie den internasjonale dagen for sterilforsyningsteknikarar. Det er naturleg at me slutar oss til den.

Fagforbundet organiserer alle som jobbar i helsesektoren, uavhengig av utdanning. Mellom dei me organiserer finn du mange av dei som avisene gløymer når dei hyllar helsepersonell. Dei som gjer dei «usynlege», men viktige oppgåvene som må til for at dei meir synlege gruppene skal kunne gjera sine jobbar trygt og sikkert.  

Difor håpar eg at du blir med meg og feirar sterilforsyningsteknikarane våre! Dei er kritisk viktige fagfolk som sikrar at du og eg vert trygge viss me må på sjukehuset.

Gratulerer med sterilforsyningsdagen!

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy