Colourbox.com
Sjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga på Haukeland
No sist såg me det ved at Bollestad vil ha «stjernetillegg» for å sikre kapasiteten. Lønn er flott det, og kunne kanskje vere eit insentiv for fleire å verta verande i yrket. Men betre lønn vil ikkje plutseleg gjere ein haug med slitne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre som jobbar i helsetenesta opplagde igjen.
Uføret som me no sit i er i stor grad ein konsekvens av ei helseteneste som er underfinansiert, og, som ein direkte konsekvens, sterkt underbemanna. Det er ikkje tilfeldig at intensivavdelingane no er overfylte – dette er sånn helsetenesta er rigga. Ein skal ikkje ha ledig kapasitet, då tapar ein pengar. Sengene skal fyllast opp, både på intensiv og sengepost.
Resultatet er at me stadig går med ei minimumsbemanning. For oss pleiepersonell sin del, er det ofte me som vart løysinga når ein skal spare pengar. Behandling, prosedyrar og medisin får me jo pengar for. Men god pleie? Omsorg for mennesket? Det er ein utgiftspost. Kva gjer då pressa helsetenester? Når pasientgrunnlaget veks, som for kreftområdet, gir ein fleire oppgåver til ei pressa sjukepleieteneste. Me spring openbert ikkje raskt nok enno.
Når me må springe meir, ja då vart det mindre tid til viktige oppgåver. Heilt grunnleggjande oppgåver. Oppgåver som å sitje ved senga og halde eit medmenneske i handa. Å prate. Å kanskje berre vere heilt stille. Men dette er òg oppgåver som ikkje har ein takst i finansieringssystemet. For kva er eigentleg prisen til god omsorg?
Me vart slitne av å springe. Me vart òg slitne av å ikkje kunne yte nivået på omsorg som me ynskjer. Som pasientane fortener.
Gi meg gjerne høgare lønn. Men fyrst: gi meg kollegaer!
REVOLUSJON? Irene Sæterbø (33) var butikkansatt i 12 år på Europris. – Jeg ble overrasket da jeg fikk jobben, sier hun om sitt nye yrkesvalg.
Frøy E. Hamstad
Leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet mener rammen for trygdeoppgjøret bør være omtrent som lønnsveksten.
Håvard Sæbø
SA JA TIL 100 PROSENT: Eirik Stivold er ansatt som assistent, men han er nå i ferd med å ta fagbrev som helsefagarbeider.
Frøy E. Hamstad
VIL ADVARE: Kent-Ove Dahl pådro seg stor gjeld da han kjørte varebil for en underleverandør hos PostNord.
Martin Guttormsen Slørdal
STREIKEFARE: Det kan bli streik i Oslo kommune. Anna Elisabeth Uran er klar for å ta ut flere medlemmer.
Øystein Windstad
GOD LØNN: Gjennomsnittet for etatsjefer, kommunaldirektører og bydelsdirektører er nå på litt mer enn halvannen million kroner.
Colourbox.com