Leiaren for verdas offentleg tilsette:

–⁠ Velferdsstaten er ikkje under press. Den er på bristepunktet

Rosa Pavanelli, leiaren for 20 millionar offentleg tilsette verda over, manar til kamp for velferdssystemet.

MOTANGREP: – Vi er på bristepunktet for vårt demokratiske system, sier Rosa Pavanelli.
MOTANGREP: – Vi er på bristepunktet for vårt demokratiske system, sier Rosa Pavanelli.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Skandinavisk velferdskonferanse starta i Oslo mandag, og hadde blant anna besøk av Rosa Pavanelli, den italienske generalsekretæren i Public Services International.

Dette er den internasjonale sammenslutninga dei fleste forbunda i kommunal og statlig sektor er med i, og teller over 20 millioner medlemmer.

Under press

Trugsmåla mot velferdsstaten var sjølvsagt det store temaet på konferansen, og Pavanelli teikna eit alvorleg bilde av situasjonen sett med eit internasjonalt blikk.

– Det vert sagt at velferdsstaten og demokratiet er under press. Men eg er redd vi har kome lenger enn press. Vi er på bristepunktet for vårt demokratiske system, sa Pavanelli til ein stor konferanselyd.

Ho seier eit motangrep må komme no, og at det må rette seg mot arbeidstakarrettar, velferdssystem og fagorganisasjonar.

– Det har skjedd ein konsetrasjon av makt i hendene til nokre få: finanseliten og store konsern. Dei har laga eit system for makt, som har blitt omforma til globalisering. Vi er offera for globalisering, og det er på tide å snakke om skadeverknadane av globalisering, sa Pavanelli.

Vidare angreip ho tanken om konkurranse i offentleg sektor:

– Konkurranse er grunnleggande for globalisering. Det heiter at konkurranse vil styrke offentleg sektor. Men konkurranse innan offentleg sektor er ein myte. Dei private fusjonerer og samler makta, slik at det til slutt ikkje eksisterer noen konkurranse, seier ho.

Norge er et land med små forskjeller, men med ett unntak

DEMONSTRERER: Rosa Pavanelli under en demonstrasjon i 2013.
DEMONSTRERER: Rosa Pavanelli under en demonstrasjon i 2013.

Kappløt mot botnen

Pavanelli åtvarar sterkt mot handelsavtalene som blir forhandla om rundt om i verda akkurat no. Ho er spesielt kritisk til overnasjonale domstolar som skal avgjere disputtar.

– Dette vil påverke statar sin moglegheit til å forsvare velferdsssystema sine. Det er uakseptabelt av mange grunnar. Å gje mulitnasjonale selskap mynde til å saksøke nasjonalstatar, ein rett som folket vert nekta, er å nekte demokratiet, seier ho.

Generalsekretæren åtvarar tillitsvalde rundt om i verda å la seg freiste til å tru at globalisering skapar jobbar. Ho meiner det heller har skapt «kappløpet mot botnen», når det gjel løns- og arbeidsforhold.

Arbeiderne blir fattigere av at færre er organisert

Må forsvare velferdstjenestene

Ho tok óg opp korleis pensjonsfonda til fagforbunda rundt om i verda kunne nyttast betre.

– Skal desse investere i offentleg-private samarbeid? Vi treng at dei gjer gode investeringar, men vi kan ikkje bruke dei til å presse fram privatiseringar, seier ho.

For frå ein internasjonal ståstad, må noko skje snart, meiner Pavanelli:

– Vi må forsvare rollen til velferdstjenestene, og styrke vår identitet som ei rørsle basert på moral og etikk og som ønskjer alle velkomne. Det er på tide å ta leiinga i forsvaret for den sosiale modellen og demokratiet, seier generalsekretæren.

– Trump som president er eit varsku til venstresida

Powered by Labrador CMS