Ung-leiaren: – Generasjon Z er undervurdert og vil bygge landet
Fagforbundets ungdomsleiar har trua på det nye tiltaket der alle under 30 skal få tilbod om jobb i helse og omsorg.

Ap og helseminister Jan Christian Vestre lanserte eit nytt tiltak for alle mellom 16 og 30 år, som ikkje er i arbeid eller utdanning. Dei skal kunne prøve seg i barnehage, SFO og på sjukeheim, blant anna.
• Helseministeren: – Alle under 30 får tilbod om jobb

Trur fleire vil oppdage helse
Jeanette Lea Romslo er leiar av Fagforbundet Ung og har trua på at ungdomsprogrammet vil få fleire til å opne auga for omsorgsyrka:
– Det kan godt vere at ein ikkje har tenkt at det er noko som er aktuelt. Så får ein prøvd seg litt og innser at dette var noko ein syntest var kjekt å drive med, seier Romslo. Ho meiner tiltaket til regjeringa kan lykkast om dette skjer:
– At dei unge har god nok grunnbemanning rundt seg. Og at dei har nokon som følgjer dei opp. Då trur eg dette tiltaket kan vere med å gje mange unge eit gjevande liv.
• SV vil forby innleige i helse
– Må ikkje ha mastergrad
Ein del av dei 100.000 unge som står utanfor, har slite med teoretisk utdanning. Romslo i Fagforbundet Ung seier ho er glad for at ungdomsprogrammet til regjeringa opnar døra for fleire som står utanfor. Og dei som lærer best på ein praktisk måte:
– Ein ting som er bra med programmet, er at du ikkje må ha mastergrad eller to bachelorgrader og dessutan eit fagbrev for å kunne prøve deg i arbeidslivet, seier Romslo.
Ho understrekar at samfunnet treng både dei praktisk orienterte og dei meir teoristerke. Og peikar på at det har blitt færre praktiske vegar til ein jobb historisk sett.
• Vil ha meir betalt utdanning på jobb
– Undervurdert generasjon
Dei som er i alderen 13 til 30 år i dag ofte omtalt som Generasjon Z:
– Min generasjon vil absolutt bygge landet og er undervurdert, seier Romslo. Debatten har gått om at det har vore ein krasj mellom dei unge når dei møter arbeidslivet:
– Generasjon Z har blitt sett litt rart på. Vi er som alle andre. Når vi spør dei unge kva som er viktigast for dei når dei kjem til jobb, så er det dette: Ein trygg og stabil jobb der ein har det fint, seier Romslo og legg til:
– Vi er ikkje den gjengen som vil ta med PC-en og drikke café latte på ein kaffibar. Vi vil ha eit heilt vanleg arbeid og ei trygg og sikker inntekt.
• LO-kongressen: Fagforbundet vil gje uføre rett til AFP

Korfor 100.000 utanfor?
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre sa dette om forslaget som blei lansert måndag under LO-kongressen:
– Målet er at ingen ungdom skal kjenne på følelsen av å vere unyttig eller gløymt.
Leiaren av Fagforbundet Ung trur psykisk helse spelar inn som årsak til korfor 100.000 unge står utanfor arbeid og utdanning:
– Det er eit veldig godt og stort spørsmål. Men vi ser jo at psykisk helse er eit av dei store områda kor unge slit, og at det òg påverkar sjukefråværet at ein står utanfor, seier Romslo.
• Dette meiner palestinarar i Fagforbundet om Israel-boikott
Håpar på mindre «vakt-shopping»
Ungdomsleiaren tenkjer at ungdomsprogrammet fører til mindre venting på vakter for dei som er laust tilknytt arbeidslivet:
– Eg trur at dette programmet kan gjere det meir attraktivt å starte innan helse og omsorg. Fordi her slepp ein å sitte med mobilen i handa og shoppe vakter, seier Romslo.