Svenske kvinner blir bussa inn til operasjonar medan norske kvinner står i kø: –⁠ Noko som skurrar

Svenske regionar bussar pasientar til norske privatsjukehus, men norske kvinner må vente fleire år på behandling.

– Viss ventetida for behandling av klassiske kvinneplager aukar, samtidig som det private har ledig kapasitet, er det noko som skurrar, seier Christine Meyer.
– Viss ventetida for behandling av klassiske kvinneplager aukar, samtidig som det private har ledig kapasitet, er det noko som skurrar, seier Christine Meyer.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag, sjølvaste kvinnedagen, kunne VG melde at eit busslass med kvinner frå Värmland hadde rulla opp utanfor privatsjukehuset Aleris i Oslo.

Kvinnene skulle til gynekologisk kirurgi for fødselsskadar og livmorframfall. Det offentlege i Sverige tar rekninga.

Region Värmland kjøper helsetenester av private aktørar – også utanfor landegrensene – for å få ned ventetida og køane i helsevesenet. I følge VG prioriterer regionen kvinnehelse i desse private samarbeidsavtalene.

Ekspertutvalg vil ha en milliard kroner til kvinnehelse

Medan svenske kvinner blir bussa til luksuriøse norske privatsjukehus for gynekologisk kirurgi, må norske kvinner vente 1-2 år på den same behandlinga. Ventetida har auka kraftig sida pandemien.

Leiar i kvinnehelseutvalet, Christine Meyer, seier til VG at ho lar seg opprøre av saka.

– Viss ventetida for behandling av klassiske kvinneplager aukar, samtidig som det private har ledig kapasitet, er det noko som skurrar, seier Meyer til avisa.

Meninger: Mange år med profesjonskamp på fødestua har gjort barnepleieren nesten usynlig. Sånn kan vi ikke ha det lenger

I Noreg kjøpte det offentlege helsetenester av private aktørar for 17.6 milliardar kroner i 2021. Men gynekologisk kirurgi er ikkje blant dei, melder VG.

Norske kvinner som verken har privat helseforsikring eller kan betale frå eiga lomme, må vente til det blir ledig kapasitet i det offentlege.

Leiaren i kvinnehelseutvalet påpeiker at underprioritering av gynekologiske skadar og fødselsskadar blir dyrt for samfunnet i lengda:

– At mange går ut i lange sjukemeldingar og nokon blir uføretrygda, påfører samfunnet store kostnader, seier Meyer til VG.

Nå vil helsefagarbeider Anna Linnea (29) hjelpe andre jenter: – Jeg har vært redd og trodd at nå dør jeg

Tapper det offentlege

Aleris og andre private aktørar veks raskt og etablerer seg også utanfor dei største byane, der det er størst mangel på helsepersonell. Dette bidreg til ein stadig hardare konkurranse for å rekruttere og behalde kompetanse i helsevesenet.

Samtidig kan innkjøp av private tenester for å avlaste det offentlege, slik Värmland gjer, vere ein dyr strategi.

I 2018 skreiv Aftenposten at staten hadde kjøpt private augeoperasjonar frå Aleris for 200 millionar. Dersom dei same operasjonane hadde skjedd i det offentlege, hadde dei kosta 33 millionar. Det var altså seks gonger dyrare å bruke den private kapasiteten.

Powered by Labrador CMS