Dei driv kommersielle barnehagar

Skattelistene: Sjekk formuane til barnehageeigarane

Dei får pengar frå skattebetalarane og foreldre. Nokre eigarar har over ein halv milliard i formue og 20 millionar kroner i inntekt.

MILLARD-SAL: Kristian og Roger Adolfsen selde over 117 norske barnehagebygg til eit australsk oppkjøpsfond i 2019.
MILLARD-SAL: Kristian og Roger Adolfsen selde over 117 norske barnehagebygg til eit australsk oppkjøpsfond i 2019.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eigarane av dei største barnehagekjedene har tent gode pengar. Det viser likningstala for 2021 og søk i Skattelistene som nyleg blei lagt ut. Ofte har dei største beløpa kome med utleige og sal av barnehagebygg.

• Barnehage-milliardærar flyttar til Sveits

Ektepar med over ein milliard i formue

Drifta av barnehagekjeda Læringsværkstedet har vore god butikk for eigarane Hans Jacob og Randi Sundby. Dei starta sin første barnehage i 2003 og tente seinare svært godt då dei selde 138 barnehagebygg til eit svensk selskap. Sundby-ekteparet, som no har flytta til Sveits, fekk 4,25 milliardar kroner for dei norske barnehagebygga og sat igjen med rundt to milliardar kroner i forteneste.

Hans Jacob Sundby

Inntekt: 14 millionar kroner

Skatt: 10,7 millionar kroner

Formue: 707 millionar kroner

Randi Sundby

Inntekt: 14 millionar kroner

Skatt: 10,2 millionar kroner

Formue: 698 millionar kroner

• Fekk gratis tomt av kommunen, selde til utlandet

BUTIKK: Ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby har til saman 1,4 milliardar i formue som stammar frå barnehage og sal av barnehage-eigedom.
BUTIKK: Ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby har til saman 1,4 milliardar i formue som stammar frå barnehage og sal av barnehage-eigedom.

Over 20 millionar i løn

Ekteparet Eli Sævareid og Sigurd Steen Aase starta Trygge Barnehager i 1987 og slo seg opp med FUS-kjeda. Dei fekk over 4 milliardar då dei selde 142 norske barnehageeigedommar til svenske SBB. Dei er på Kapital si liste over dei 400 rikaste i landet – på 256. plass. Store delar av inntektene og formua kjem frå FUS-barnehagane, men ikkje alt. Dei driv anna blant anna og innan rekneskap.

Eli Sævareid

Inntekt: 23 millionar kroner

Skatt: 8 millionar kroner

Formue: 2 millionar kroner

Sigurd Steen Aase

Inntekt: 61 millionar kroner

Skatt: 21 millionar kroner

Formue: 83 millionar kroner

• Barnehage like lønnsam som olje

Milliard-brør

Adolfsen-brørne starta Norlandia-kjeda, og driv i tillegg innan bemanning, barnevern, eldreomsorg, hotell og eigedom. Ein stor del av inntekt og formue kjem frå Norlandia-barnehagane og sal av barnehage-eigedommar. I 2019 selde Adolfsen-brørne 117 norske barnehagebygg til eit australsk oppkjøpsfond. Brødreparet fekk 2,7 milliardar kroner frå eigedomssalet.

Roger Adolfsen

Inntekt: 23 millionar kroner

Skatt: 10 millionar kroner

Formue: 407 millionar kroner

Kristian Arne Adolfsen

Inntekt: 23 millionar kroner

Skatt: 11 millionar kroner

Formue: 407 millionar kroner

Powered by Labrador CMS