Halv skatt
Sjekk kor mykje meir du får utbetalt på konto i desember
Det er halv skatt i desember: Sjekk kor mykje meir du får i løn og få med deg korfor det er slik.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Neste lønning blir ein del større, og det er på grunn av fagrørsla og LO. Meir om det seinare. Men først: Kor mykje meir vil du få inn på konto i desember?
• Har du feriedagar til overs? Dette må du gjere
For deg med 20.000 i nettoløn
Utgangspunktet for alle desse eksempla er at skatten er på 35 prosent. Høgare eller lågare skatt vil gje ei anna løn til jul. Har du vanlegvis utbetalt 20.800 kr i månaden, vil det i desember tikke inn 26.400 kr, grunna halv skatt i desember.
• Dette er skattefritt frå Nav i desember
Du som har 25.000 utbetalt
Ligg løna di på 25.350 i månaden, vil du få 32.175 inn på konto neste månad.
Om du har 30.0000 i månaden
Får du ubetalt 30.550 ellers i året, kjem det 38.775 på lønskontoen i desember.
• Du får ikkje til saman mindre skatt på grunn av desember
Og du som har 35.000 til vanleg
Og i siste tenkte eksempel, har du ei utbetalt månadsløn på 35.100, kan du glede deg over å få inn 44.550 kr i desember.

Korfor?
Grunnen til at vi har dette systemet, er fagforeiningane og LO. I 1952 fekk dei igjennom det systemet vi har i dag: At det blir trekt litt høgare skatt elles i året, og mindre i desember.
Bakgrunnen for ordninga var å sikre at dei som er under økonomisk press og som slit med å spare, skal ha betre råd til julehøgtida. LO sat halv skatt i desember som krav for at dei skulle støtte skattebetalinglova.
Samla sett betalar du altså ikkje mindre skatt, sjølv om han er halv i desember. Ordninga er kort og godt at staten hjelper oss med å spare.
Sjefen kan gje meir i november
Om du vil starte juleshoppinga litt tidleg, opnar lova for at du kan få mindre skatt og meir på konto i november. I staden for desember. I lova står det at du kan velje om du vil ha mindre skattetrekk i dei to siste vekene i november. Eller i desember. Ønsker du å få meir pengar i november i staden for desember, kan du be sjefen om dette. Sjefen kan om han eller ho vil og får det til, framskunde utbetalinga av meir pengar til november-løna. Det er likevel sjefen som avgjer om du får utbetalinga i november i staden for desember.