Lønsforhandlingane startar snart
Sjekk kor mange tusen meir i månaden du er venta å få
Lønsforhandlingane i privat og offentleg sektor er snart i gang. Sjekk kor mykje meir du vil få utbetalt om ekspertane får rett.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei aller fleste har fått dårlegare råd det siste året. Til våren startar forhandlingane mellom LO og NHO i privat sektor. Etter det startar forhandlingane mellom KS og LO kommune. Forskarar og ekspertar forventar at lønsveksten blir på mellom 4,2-4,7 prosent i år. Statistisk sentralbyrå si prognose er på 4,7 prosent meir i løn i år.
• Alle pensjonistar får etterbetalt fleire tusen kroner av staten
I år er det eit mellomoppgjer. Det betyr at partane berre skal forhandle om kor mykje meir det blir i løn på dei som jobbar i kommunane:
– Det blir barskt i år, seier Pål Skarsbak, leiar for LO kommune. Han leiar forhandlingane på vegner av rundt 167.000 medlemmar i Fagforbundet som jobbar i kommunane.

• Sjekk kor mykje meir pensjonane og trygdene aukar i år
Dårlegare råd
Pål Skarsbak viser til at dei aller fleste har fått mindre å rutte med, og det er eit vanskeleg bakteppe for forhandlingane som skal starte 20. april:
– Det blir krevjande på grunn av den økonomiske situasjonen vi står oppe i. Det er aukande prisar og stigande rente som fører til reallønsnedgang.
• Sjekk kva alle partia på Stortinget vil gjere med straumprisen
Så mykje meir ligg du an til å få utbetalt i månaden
Det kan hende at ekspertane bommar og at lønsoppgjeret ikkje blir på mellom 4,2 og 4,7 prosent. Utgangspunktet for dette eksempelet og utrekninga er at oppgjeret landar ein plass i midten av det ekspertane forventar, på 4,5 prosent lønsauke i år.
• Har du ei årsløn på 500.000 kroner, vil det bety rundt 2063 kr meir utbetalt på konto i månaden.
• Har du ei årsløn på 600.000 kroner, vil du få rundt 2465 kr meir, om prognosane til ekspertane treff.
Tala er medrekna overheng og gliding. Sjå meir om utrekninga i bildet under.

• «Mona» jobbar i Nav og må sjølv søke sosialhjelp
Meir pengar i mai
Fristen for at forhandlingane skal vere landa og ferdig er 1. mai. Om partane blir einige og det ikkje blir streik, betyr det at dei som jobbar i kommunane vil få den auka løna inn på konto 12. mai.
Det er LOs representantskap som vedtek krava i årets lønnsoppgjer. Det skjer 21. februar. Det er dei såkalla frontfaga som forhandlar først og som legg ramma for kva dei andre kan forvente å oppnå i forhandlingane.