Rett til å bli tilsett? KS seier kommunane sjølv må finne ut av det

Fleire støttekontaktar meiner dei går glipp av tusenvis av kroner og har etterlyst nasjonal avklaring. No seier arbeidsgjevarorganisasjonen dette er noko kommunane sjølve må finne ut av.

RÅD: – KS har råda til at kommunane går igjennom bruken av oppdragsforhold og vurdere om der er overvegande sannsynleg at fritidskontaktane er rett klassifiserte, skriv Hege Mygland, direktør for forhandlingsavdelinga i KS.
RÅD: – KS har råda til at kommunane går igjennom bruken av oppdragsforhold og vurdere om der er overvegande sannsynleg at fritidskontaktane er rett klassifiserte, skriv Hege Mygland, direktør for forhandlingsavdelinga i KS.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg skreiv Fagbladet om fritidskontakten Rune som meiner han burde ha vore tilsett i Skien kommune. Og at han går glipp av feriepengar, sjukepengar, forsikring og automatisk lønsauke. Fordi kommunen hans ikkje vil tilsette, men heller hyre han inn på oppdrag.

NRK har tidlegare omtalt ein annan støttekontakt som også krev fast stilling i Sandefjord.

Støttekontakten tok kampen og fekk etterbetalt ein halv million kroner

KS peikar på kommunane

Kommunen til fritidskontakten (det nye namnet på støttekontakt red.anm) har nyleg vendt seg mot KS for ei endeleg avklaring. Det same har Fagforbundet-advokat Kjetil Edvardsen gjort. Han har vunne fleire rettssaker mot kommunar som ikkje ville tilsette støttekontaktar.

VIL BLI TILSETT: Rune Gudmundsen er ein av fleire fritidskontakter som no krev å bli tilsett og ikkje hyra inn på oppdrag.
VIL BLI TILSETT: Rune Gudmundsen er ein av fleire fritidskontakter som no krev å bli tilsett og ikkje hyra inn på oppdrag.

På epost svarar KS at det må vurderast konkret i kvart enkelttilfelle om fritidskontaktane skal tilsettast eller hyrast inn på oppdrag.

Dei viser vidare til ein ny regel i Arbeidsmiljølova (§ 1-8) som «kan tale for en gjennomgang av slike oppdragskontaktar». Regelen går ut på at utgangspunktet for ei vurdering er at fritidskontakten skal vere tilsett. Med mindre kommunen kan gjere det svært truleg at det er snakk om eit oppdrag:

– KS har difor råda at kommunane går igjennom bruken av oppdragsforhold og vurdere om der er overvegande sannsynleg at fritidskontaktane er rett klassifiserte, skriv Hege Mygland, direktør for forhandlingsavdelinga i KS på epost.

Støttekontakt Rune får ikkje bli tilsett

Skal møte fagforeiningar i haust

Mygland skriv vidare at KS og blant andre Fagforbundet før sommaren blei einige om at fritidskontaktar som har ei hovudstilling i same kommune, kan ha fem timar lengre arbeidstid per veke i snitt. Utover reglane i hovudtariffavtalen (kapitel 1 § 4). Og at dei skal lage ein særavtale om dette i løpet av 2024:

– Før den tid skal partane møtes for å drøfte kva tema som eventuelt bør regulerast for fritidskontaktar, svarar Mygland.

Avlastar vann over kommunen etter tre år

Powered by Labrador CMS