Mellom 1500 og 4000 kroner mindre å leve av i månaden
Over 100.000 ramma: Krev at regjeringa gjev meir i trygd
I mai fekk tusenvis opp mot 4000 kroner mindre i månaden, då den mellombelse bustøtta og straumstøtta blei fjerna. – Fattigdom er ikkje mellombels, seier Freddy André Øvstegård (SV).

– Dette viser det vi har sagt lenge. Dei lågaste ytingane er for små og må opp. Fattigdom er ikkje mellombels, seier Freddy André Øvstegård og viser til dei mellombelse stønadane som nettopp er tilbake til gamalt nivå.
Øvstegård sit på Stortinget for SV og er leiar av arbeids- og sosialkomiteen. Akkurat no sit SV og regjeringa i forhandlingar om å flytte på pengar. Innan 14. juni skal dei bli einige om revidert nasjonalbudsjett.
• Trygdeoppgjeret: – Eg har gråtande folk på telefonen

Forhandlar og legg press på regjeringa
Nyleg kom trygdeoppgjeret, og der auka blant anna satsane for arbeidsavklaringspengar med 900 kroner i månaden. Samtidig fekk mange mykje dårlegare råd. Auka bustøtte og straumstøtte som blei ført inn i 2021 då dyrtida slo inn for fullt, blei fjerna i april og mai.
– SV har allereie fått igjennom å auke minsteytingane på arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Vi må auke minstepensjonsnivået og garantipensjonane.
SV slost for alle ordningane for dei som har minst, seier Øvstegård. Han vil ikkje seie noko om korleis det går i forhandlingane med regjeringa og kva dei håpar på konkret og spesifikt.
• Pensjonistleiar slår alarm: – På full fart inn i klassesamfunn med fattige eldre som vil lide

Tusenvis slit tung
Leiaren for AAP-aksjonen Elisabeth Thoresen fortalde at konsekvensane av at bustøtte og straumstøtte gjekk tilbake til 2021 nivåa har vore katastrofalt for mange.
– Støtta var mellombels, men det er ikkje prisane, sa Thoresen i denne saka. Ho fortalde om at folk som har mista bustøtte og straumstøtte, har ringt ho gråtande. Og fortalt at dei ikkje orkar å leve lenger. SV og Øvstegård er kritiske til at blant anna 45.000 minstepensjonistar lever under fattigdomsgrensa:
– SV har allereie fått igjennom å auke minsteytingane på arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Vi må auke minstepensjonsnivået og garantipensjonane.
Thoresen i AAP-aksjonen meiner dette må til:
– Vi må få eit system som sikrar at folk får ei enkelt inntekt som er nok til å leve eit verdig liv av, seier aksjonsleiaren og viser at det i dag er mange forskjellige trygder og støtteordningar som kan vere uoversiktlege og lite tilgjengelege for mange.
• Lengre saksbehandlingstid på AAP: – Folk utan inntekt i månadsvis