Noregsmeisterskap for BUA: Emme og Julie nøgde med innsatsen
Det var spenning i lufta då fem par frå kvar sitt fylke møtte på Jessheim vidaregåande skule for å konkurrere i NM.
Elevar frå ulike utdanningsprogram over heile landet møttest på Jessheim vidaregåande skule for å kåre Noregs beste yrkesfagelevar.
Finalen på Jessheim vart gjennomført av fem lag beståande av to personar, og sjølve finalen gjekk av staben 16. april.
Sjølve konkurranseoppgåva er bygd som ein case, der laga skal planleggje og gjennomføre aktivitetar for ei gruppe barn, med fokus på vennskap, trivsel og leik.
Det heile føregår på ei scene med publikum og dommarar, der dei tre dommarane skal vurdere planlegging, gjennomføring og gje deltakarane vurdering etter endt konkurranse.
– Det er litt som ein eksamen, berre at det skjer på ei scene med publikum, seier Emme Vikaskag Hunstad, som representerte Jessheim og Akershus saman med Julie Kendel Johannessen.
Nervøse
Dei fortel at dei var spente før dei skulle ut på scena, men at det fort vart gløymt då ungane kom og dei byrja å leike.
– Me tykte det gjekk bra. Ting gjekk stort sett planlagt, seier Hunstad.
– Samarbeidet gjekk fint og ungane var ivrige. Litt endringar i planlegginga undervegs, men elles er me nøgde, legg Julie Kendel Johannessen til.
På programmet til Jessheim-deltakarane var tårnbygging, puslespel og ein labyrint. Ungane samla saman brikker på kvar stasjon som til slutt forma eit hjarte.
– Ungane spelte med og var ivrige, seier Hunstad.
– Og ikkje minst veldig skjønne og kreative. Dei kom opp med løysingar som ikkje me hadde tenkt på eingong, legg ein lattermild Johannessen til.
Lang reiseveg
Laget frå Finnmark, Sofie Kildemo og Maiken Mortensen, har reist langt for å delta i noregsmeisterskapen.
For å kvalifisere seg til NM, vann jentene finnmarkmeisterskapen. Kvalifiseringa skjedde utan publikum, noko som gjorde at dei var ekstra spente på finaledagen.
– Me var veldig nervøse, understrekar begge to.
– Det var litt ekstra stress med publikum, men me tenkte ikkje over det når me gjekk på scena, seier Kildemo.
Opplegget til jentene frå Kirkenes vidaregåande skule var ei adjektivhistorie. Poenget med leiken var å få barna til å lytte på kvarandre og kjenne på at dei har bidrege til å lage eit eventyr.
– Det var kjekt og ikkje minst lærerikt å delta på ein slik konkurranse, seier Kildemo.
Som laget på Jessheim tykte også jentene frå Kirkenes at det var kjekt å prøve seg med ungar til stades.
– Ungane var veldig skjønne, og så har det vore kjekt å bli kjent med andre som driv med det same som oss frå ulike delar av landet, legg Mortensen til.
Søkelys på fagarbeidarane
– Det har gått overraskande greitt. Me har aldri arrangert noko sånt før, men me tykkjer elevane gjer ein veldig god jobb, seier Martine Røtvold Haugstad.
Haugstad underviser ved barne- og ungdomsarbeidarfaget på Jessheim vidaregåande skule. Ho er også med som arrangør.
NM i barne- og ungdomsarbeidarfaget arrangeres av Jessheim vidaregåande skule i regi av Worldskills Norway.
Worldskills Norway arbeider for å heve statusen, interessa og kvaliteten på norsk yrkesutdanning.
Organisasjonen organiserer NM i mange yrkesutdanningar, samt NM, EM og VM for yrkesfagarbeidarar.
– Målet med konkurransane er å løfte yrkesfag og sette søkelys på barne- og ungdomsarbeidarane. Me treng mange fleire fagarbeidarar i tida framover så dette er veldig viktig, seier Karianne Bråtebekken, som saman med Martine Røtvold Haugstad er arrangør og lærer ved barne og ungdomsskulefaget ved Jessheim vidaregåande skule.
– Dei som arbeider med barn og unge er med på å forme framtida vår. Dei sit på mykje ansvar og det er ein veldig viktig jobb, understrekar Signe Kristin Rønning Fretheim. Fretheim er avdelingsleiar på helse- og oppvekstfaget på Jessheim vidaregåande skule.
Eksamensførebuing
– Opplegget er på mange måtar ei førebuing til eksamen eller ein eventuell fagprøve, så det er læring i dette for elevane også. Dei får sett på korleis dei andre deltakarane løyser oppgåva, deltek sjølve og får tilbakemeldingar, seier Haugstad.
Deltakarane har fått god til på å førebu seg på oppgåva. Dei har alle sendt inn ein didaktisk plan som skulle presenterast på scena for publikum og dommarane.
Konkurransen skulle også innehalde eit overraskingselement, slik som det blir på ein eventuell eksamen.
Overraskinga under årets NM var at det heile skulle framførast med ungar på scena føre publikum.
Deretter skulle dei gjennomføre planen med ei gruppe barnehagebarn framfor publikum og dommere.
– Det elementet med publikum og dommarar er jo på mange måtar annleis enn korleis det blir på ein eksamen, men me tykkjer at deltakarane gjorde ein veldig god jobb med ungane, legg Haugstad til.
God grunn til å vere stolte
– Dei er nok også stolte over at dei tør å utfordre seg på denne måten, og dette er noko dei kan ha med seg resten av livet, legg Fretheim til.
– Deltakarane var gode på å få barna med på leiken sånn at ungane gløymde det som skjedde rundt. Det er klart at med barn så veit ein aldri kva dei kan finne på, og nokre av dei var nysgjerrige på publikum og sånt, men dei var veldig morosame og flinke, seier Martine Røtvold Haugstad.
Resultatet
Det vart til slutt Oda Sofie Lilletveit og Charlotte Hopsdal Kristoffersen frå Knarvik videregåande skule, som stakk av med førsteplassen og kan kalle seg sjølv noregsmeistrar.