LO vil ha statleg utbygging av bustader. Sjå kva Ap svarar
Prisgaloppen på bustader gjer no at folk med vanlege løner blir skvisa ut av byane: – Det er blodig urettvist, seier bustadpolitisk talsperson i Ap Siri Gåsemyr Staalesen.

Nyleg skreiv Fagbladet om helsefagarbeidar Julie som ikkje har råd til eigen bustad. Ei gransking av LO viser at det har blitt så dyrt å kjøpe tak over hovudet at einslege fagarbeidarar kan gløyme eigen bustad i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
No vil LO at staten bygger bustader. Ap seier dei deler LO sin frustrasjon over at bustadmarknaden pressar arbeidarar ut av byane:
– Det er blodig urettvist. Bustadmarknaden har blitt ein ulikheitmaskin. Der har vi som stat ei viktig rolle å sørgje for at kommunane klarer å legge til rette for auka bustadbygging. For vi meiner at det beste vi kan gjere, er å dempe prisveksten, slik at fleire får høve til å komme inn på bustadmarknaden, ved å bygge meir, seier bustadpolitisk talsperson i Ap, Siri Gåsemyr Staalesen.
• Regjeringen gir en milliard ekstra til Husbanken

• LO vil ha statleg selskap til å bygge bustader
Vil sjå på alle forslag
Det er ikkje så ofte politikarar og parti går ut med konkrete mål for noko dei vil. Det har Ap og regjeringa gjort når det kjem til bustad. Dei vil at det skal byggast 130.000 nye bustadar innan 2030. Staalesen seier at Ap inviterer byggenæringa og andre som har forslag til å kome med idear til korleis dei skal greie å nå det hårete målet innan fem år.
I fjor var eit botn-år for bygging i Noreg. Ifølgje SSB er det 30 år sidan sist det har kome så få byggeløyve. Staalesen seier at LO er velkomne til å sette seg ned saman med regjeringa:
– Her er det berre for LO å ta kontakt med kommunalministeren og få ein diskusjon om dette er noko som vi ønsker å vurdere. Vi ser på alt, men eit statleg bustadselskap er ikkje ein del av vårt partiprogram, seier Staalesen.
• UNDERSØKING: Arbeidsfolk pressast ut av byane
– Vi rustar opp Husbanken
LO vedtok nyleg at dei vil ha ei stor satsing på Husbanken som skal gje lån til dei som ikkje har nok eigenkapital. Staalesen seier det er i tråd med Ap sin politikk og det regjeringa har gjort:
– Vi har gjenreist Husbanken, og der vi har auka utlånsramma med 70 prosent – frå 19 til 32 milliardar kroner. Det har bidratt til at fleire har kome inn på bustadmarknaden. Vi ønskjer å fortsette oppbygginga av Husbanken. Og terskelen for å kjøpe eige bustad bør senkast, seier den bustadpolitiske talspersonen for Ap.
• Har fast jobb i barnehage og får ikkje kjøpe bustad
Vil ha meir leige-til-eige
Staalesen seier at i tillegg til å satse på at fleire får råd til sin første bustad via Husbanken, skal byggeprosessane gå raskare. Med hjelp av KI, effektivisering og digitalisering skal sakshandsamingstidene for bygging gå ned. Eit anna viktig tiltak er at ho og Ap ønsker at fleire skal få råd til å kjøpe bustaden dei leiger:
– Vi ønskjer å gje kommunane moglegheit til å få større variasjon i byggemåten og buformene, til dømes fleire leige-til-eige-leilegheiter. Dette arbeidet er godt i gang, seier Staalesen.
• Vil ha skatt på bustad og får støtte frå forskar