Froskekokar eller frigjeringsmaskin?
Kva vil kunstig intelligens bety for framtida på kontoret?
UTAN STYRING – Det er veldig mange som jobbar med KI utan at nokon styrer det, seier Kristin Sandaker (t.v), saman med Live Moen. Begge jobber i Bymiljøetaten i Oslo.
Øystein Windstad
Kunstig intelligens kan føre til stille støvete kontor. Det fryktar tillitsvalde Kristin Sandaker, som meiner fagrørsla bør ta styringa i KI-revolusjonen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Ein mann med krusete mørkeblondt hår ned til nakken og grått skjegg til midt på brystkassa skuar ut over ei forsamling. Han ser ut som han kunne ha fortalt mykje om langskip, runer og brynjer. Det er ikkje snakk om ei fjern fortid som får publikum til å heve augebryna. Det er bodskapen om framtida som treff oss midt i ansiktet på jobben, kvar dag.
Utan at vi heilt veit kva vi skal gjere eller kva den kunstige intelligente framtida vil føre til. Mannen med den store manken nikkar mot ei kvinne som har handa i veret og som får ein mikrofon.
GOD BRUK: – Vi kan fristille menneske frå den administrative byrda og kan fokusere på det som er viktig: menneske til menneske, seier Torgeir Waterhouse.
Øystein Windstad
• – Lite kunnskap om KI kan gje klasseskille i arbeidslivet
– Overtalige?
Kvinna seier blant anna to ord som får dei andre i salen til å følge ekstra nøye med: «AI» og «Overtallighet». Kristin Sandaker er tillitsvald og jobbar saman med nesten 1000 andre i Bymiljøetaten i Oslo kommune.
I mikrofonen fortel ho at innføringa av AI – ei amerikansk forkorting for «artificial intelligence», på norsk blir det KI, for «kunstig intelligens» – altså av KI på jobben, har skjedd veldig fort og fritt.
Ho har både eit håp og ei frykt om KI. Nokre dagar etter ho tok ordet på Fagforbundet sitt kurs «Innføring av KI på arbeidsplassen og tillitsvalde sin rolle», viser ho Fagbladet veg. Både inn i det opne kontorlandskapet og konkret i kva den store frykta er:
– Mange overtalige på kort tid. Det er ein situasjon vi må unngå.
• Håpar på revolusjon: – Kunstig intelligens kan gje fleire hender i helse
Dette er kunstig intelligens – KI
• KI står for kunstig intelligens der maskiner blant anna lærer
• Maskinene kjenner igjen mønster i blant anna språk ved hjelp av algoritmar
• Maskinene finn samanhengar og kan forvente resultat
• Slik kan KI blant anna brukast til å omsette språk eller kjenne igjen ansikt eller analysere røntgenbilde.
• KI er venta å føre til store forandringar i blant anna i administrative yrker som rekneskap, HR, rekruttering og sakshandsaming.
Styring
Dei mest skeptiske stemmene fryktar at kunstig intelligens vil endre verda på farleg vis. I den metaforen er KI kjelen og krafta som varmar vatnet. Me menneske er frosken som ikkje hoppar ut av kasserollen, fordi me ikkje merkar at vatnet sakte, gradvis nærmar seg kokepunktet.
Sandaker seier mykje er usikkert:
– Ein veit aldri når KI-bruk kan slå tilbake og skape situasjonar der det ikkje er bruk for enkeltpersonar eller grupper meir. At det ikkje er noko overordna styring, er bekymringa, seier ho.
Ho er leiar for yrkesseksjon kontor og administrasjon i Teknisk fagforening i Fagforbundet Oslo. Ho trur KI gjort rett kan vere bra. Skal det skje, meiner ho både fagrørsla og leiinga i arbeidslivet må ta grep.
– Det er veldig mange som jobbar med KI utan at nokon styrer det. Det er vanskeleg for arbeidsgjevar å respektere si forplikting til å drøfte ting før dei har tenkt tanken ferdig, seier Sandaker.
Ho trur at verken mellomleiarar eller leiarar har nok kunnskap om feltet.
• Tar i bruk kunstig intelligens: Kan forutsi sykefravær og fylle opp vaktplanene
– Ikkje stol blindt på KI
Kristin Sandaker og kollega Live Moen går forbi avlukka, dempa kontor for lyssensitive – og klynger med opne kontorpultar:
– Dette er favorittplassen min, seier Moen som er fagansvarleg for miljøleiing.
Ho har testa ut kunstig intelligens på jobben. Moen har brukt KI frå å gjere opptak av eit møte, der du får ut eit samandrag med kulepunkt. Til å bruke å kome med forslag til matmeny, budsjett og handleliste til eit seminar med over 100 deltakarar. Ho har også brukt han til å kome med forslag om formuleringar og tekstar.
Så langt har KI vore ein nyttig hjelpar, dog med eit «men»:
– Akkurat der vi er no med tanke på KI, er det litt farleg. Det kan vere at nokon stolar for mykje på KI. Det er avgjerande at vi tenkjer sjølv og tenkjer kritisk. Ein kan ikkje ta alt KI kjem med for god fisk. Det er viktig å vere kjeldekritisk. Du må sjekke og ikkje berre utan vidare stole på KI, seier Moen.
Sandaker vil at teknologien kan bli brukt for å få til ein inkluderande, helsefremjande utviklande arbeidsplass.
– Eg håpar at vi kan bruke KI til å kome nærare brukarane. Å få folk i gatene når snøen dalar ned og det trengst rydding. At brukarane føler i endå større grad at dei tilsette er der for dei. Slik at vi kan nytte KI til å vere meir medmenneske i tenesteproduksjonen, seier ho.
• Én av tre kommuner har tatt i bruk kunstig intelligens
Trur på intelligent bruk
Kan KI vere med å hjelpe frosken ut av kjelen, tilbake til dammen og vennene sine? Ein som tenkjer det, er mannen med det store håret og skjegget på seminaret.
Torgeir Waterhouse har vore ein framståande dataekspert i Noreg i fleire tiår. Han er hyra inn av Fagforbundet for dele kva KI eigentleg er, gjer og kan brukast til.
– Vi kan fristille menneske frå den administrative byrda og kan fokusere på det som er viktig: menneske til menneske, seier han.
Waterhouse er tidlegare direktør i IKT Norge og er i dag partnar i rådgjevingsselskapet Otte. Og ein ettertrakta foredragshaldar. Han trur KI kan vere med på å løyse eit av dei store problema i arbeidslivet: At vi ikkje har nok folk.
– Vi har eit enormt underskot på arbeidskraft, og på den eine sida er vi einige om at vi treng meir kompetanse. På den andre sida er vi bekymra for at teknologi skal erstatte arbeidskraft, seier Waterhouse.
• Støre: Kunstig intelligens utfordrer allerede demokratiet betydelig